Hopp til innhold

Vegstenging kan føre til kaos i Molde

I Molde er det frykt for kaotiske trafikkforhold inn og ut av byen frå aust når nedste del av Frænavegen blir stengd frå klokka 07.30 måndag.

Ole Martin Pedersen i Molde vann og avløp

Ole Martin Pedersen i Molde Vann og Avløp seier vegstening aldri er enkelt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I seks veker framover skal det pågå eit omfattande arbeid med legging av nye røyr i vegen.

Når Ole Martin Pedersen i Molde Vann og Avløp står ved rundkøyringa ved Elkjøp og Frænavegen vest for Roseby, så står han samtidig ved ein av dei mest trafikkerte vegane i Molde.

– Vi veit at dette kan bli eit kritisk punkt. Vi er også klare over at det kan medføre trøbbel for mange. Ei stenging av Frænavegen er aldri ein lett ting.

Arbeidet med skilting har pågått i fleire morgontimar, og frå klokka 07.30 blir vegen prøvestengt.

Rundkjøring i Frænavegen ved Elkjøp i Molde

Den sterk trafikkerte rundkjøringa i Frænavegen. Vegen rett fram nedover mot byen er stengt i seks uker framover.

Foto: Gunnar Sandvik

Trur det går bra

– Då får vi sjå korleis det går. Blir det fullstendig kaos må vi berre oppheve stenginga, og sjå kva anna vi kan gjere. Men vi satsar på at det skal gå bra.

Pedersen lovar at det skal vere skilta så folk skal bli merksame på stenginga i god tid. Både hovudfartsinnvegen og fleire tilstøtande vegar er skilta.

Personbiltrafikken blir omdirigert til bustadgatene gamle Fannestrandsvegen og Fabrikkvegen som blir einvegskøyrde.

Normalt går det 12 000 køyretøy i dette området. Vel 800 av desse er store og tunge køyretøy, og dei skal inn og ut av byen gjennom Storgata og forbi ferjekaia.

– Vis omsyn

– For dei blir det for trangt og smalt i Fabrikkvegen og gamle Fannestrandsvegen. Det blir kork viss vi slepp store køyretøy inn på desse vegane, seier Pedersen.

Han vedgår at han er spent på korleis det går med rushtrafikken frå og med i dag og seks veker framover.

– Vi ber folk følge skiltinga, køyre varsamt og ta omsyn til dei mjuke trafikkantane.

Vegstenging i Molde

Det blir omfattande omkøyring når nye røyr blir lagt i vegen i Molde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL