Hopp til innhold

Vegen er opna igjen

Vegen er opna igjen etter bilulykka på Nordre Vartdal i Ørsta kommune tidlegare i kveld. Politiet opplyser elles at ulykka skjedde då ein bil skulle svinge av vegen og over i motsett køyrefelt. Det motgåande køyretøyet klarte ikkje å stoppe for den kryssande bilen. Politiet opplyser klokka 21.20 at begge førarane er på veg til sjukehus i Ålesund.