SISTE NYTT: Klokka 17.45 melder Statens vegvesen at vegen er rydda og at den er open for trafikk i begge køyrefelt.
Mange har blitt påverka av at hovudferdsåra mellom Bergen og Trondheim har vore stengt sidan torsdag kveld. Då gjekk det eit snø- og vasskred på E39 som var om lag ein meter høgt og 20–30 meter breitt.
Klokka 11.00 fredag gjorde Statens vegvesen seg klare til å starte på oppryddingsarbeidet på E39 mellom Vartdal og Ørsta.
– Eg trur det vil ta rundt fire timar før vi får rydda opp, og så kan vegen forhåpentlegvis opne, sa prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen. Dert gjekk litt lengre tid enn han trudde. Vegen vart først opna i berre eitt køyrefelt og først klokka 17.45 fredag kveld var ryddearbeidet ferdig.
Ikkje fare for nye ras
Klokka 10.00 fredag var Statens vegvesen sin geolog og ein prosjektleiar i Ørsta for å undersøke skredområdet på E39 og vurdere tryggleiken på vegen.
– Geologen meiner at det ikkje er fare for nye ras, seier Hjellen.
- Les også:
Lange køar på Hareid–Sulesund
Stenginga av E39 har ført til stor trafikkauke på ferjesambandet mellom Hareid–Sulesund, noko som har resultert i timelange køar og kaos på ferjekaia.
Situasjonen blir også forverra av at sambandet berre har to ferjer. Sambandet skulle i utgangspunktet hatt tre ferjer, men C-ruta på strekninga er for tida lånt vekk som reserveferje på sambandet Årvik–Koparnes.
– Det er beklageleg at det har gått eit jordras utanfor Ørsta som gjer at E39 er stengt og at trafikken over Hareid dermed blir større enn kapasiteten på sambandet, seier regionsjef i Norled, Inge André Utåker.
I mellomtida er alternativ omkøyring via Eiksundtunnelen. Anbefalt omkøyring via Fv 61 og Fv 60, opplyser Statens vegvesen.
- Les også:
Fleire stengde vegar
Også på fylkesveg 40 ved Fjøsneset mellom Lauvstad og Folkestad gjekk det eit ras fredag kveld. Denne vegen er framleis stengt.
Det same gjeld for fv. 655 Norangsdalen ved Lyngstøylen på strekningen Lekneset–Tryggestad, som er stengt på grunn av eit jordras.
Vêrvarsel for Møre og Romsdal
Fredag er det meldt aukande til sørvest sterk kuling utsette stadar, i formiddag liten storm på kysten. Det er meldt regn og lokalt mykje nedbør. Seint fredag skal det minke til sørvest stiv kuling. Det er også meldt regnbyer og etter kvart snøbyer over 300–500 meter.