Hopp til innhold

Fem månader på overtid - men langt frå ferdig

Løvenvoldgata har vore stengd sidan februar i fjor. Vegarbeidet skulle etter planen vere ferdig i september 2013.

Veiarbeid i Løvenvoldgata

Gravearbeidet i Løvenvoldgata har pågått i mange månadar. Framleis er det fleire månadar att før arbeidet blir ferdig.

Foto: Jan Åge Sundnes / NRK

Midt i Ålesund sentrum ligg Løvenvoldgata. Med kjøpesenter, småbutikkar, kino og kaffibar er gata ei populær ferdelsåre. Men eit omfattande gravearbeid gjer at gata har vore stengt av i lengre periodar sidan februar 2013.

– Heilt på trynet

Elisabeth Heiersvang Eikrem

Elisabeth Heiersvang Eikrem seier blomsterbutikken hennar får mindre kundar enn elles på grunn av vegarbeidet i gata utanfor.

Foto: Jan Åge Sundnes / NRK

Dagleg leiar Elisabeth Heiervang Eikrem i Blomster Gården, seier butikken hennar har blitt hardt råka av det forseinka vegarbeidet.

– Vi vert ganske hardt prega av gatearbeidet fordi det er vanskeleg å kome til butikken. Det resulterer i veldig lite drop-in-kundar. Her er mykje anleggstrafikk, konteinarar og store bilar som dekkjer for butikken, fortel ho.

Då gata opna for trafikk i desember fekk dei med ein gong fleire kundar, men så vart gata stengt igjen.

– Det er heilt på trynet, for å seie det på ein fin måte. Dei starta eit prosjekt som skulle vare til september, og vi no er komne til februar utan at fortaua enno er tekne. Dei er på langt nær ferdige, seier Eikrem oppgitt.

Lit på faste kundar

Marit Brunstad

Sponland Foto har nok faste kundar til at det går rundt, seier dagleg leiar Marit Brunstad.

Foto: Jan Åge Sundnes / NRK

Tvers over gata ligg fotobutikken Sponland Foto. Med mange faste kundar har dei klart seg bra trass i vegarbeidet, fortel dagleg leiar Marit Brunstad. Likevel håper ho at livet i gata er tilbake som normalt til sommaren – utan at ho har fått noko garantiar for det.

– Eg trur ikkje dei veit det sjølve eingong, kommenterer Brunstad.

Også Torstein Lorentzen, innehavar av frisørsalongen Cancam, seier det er dei faste kundane som har redda omsetninga under byggeperioden.

– Vi har såpass mange faste kundar at vi vert ikkje så påverka. Vi lever godt under omstenda.

Han tillèt seg derfor ein aldri så liten vits om det forseinka arbeidet:

– Ein kan fleipe med at då vi fekk vite når arbeidet skulle vere ferdig, så gløymde vi å spørje kva år det gjaldt ...

– Blir ei fin gate til slutt

Gisle Relling

Gisle Relling går ofte gjennom Løvenvoldgata. Han er ikkje av dei som let seg irritere: – Tvert imot, eg synest det er interessant å sjå på, seier han til NRK.

Foto: Jan Åge Sundnes / NRK

Rigmor Godø og Torunn Garseth, butikkmedarbeidarar i Mestergull Hagen, har berre positive ting å seie om gatearbeidet.

– Vi har hatt god kontakt med gatearbeidarane og funne løysingar når dei til dømes har grave rett utanfor butikkvindauget, seier dei.

Godø og Garseth minner også på at gata vil bli finare når ho er ferdig.

– Det er positivt for bybiletet og vi gler oss veldig til nyopninga, seier dei med eit håp om det vil vere i god tid til 17. mai.

17. mai kan kome for tidleg

Men Gøril T. Bjørshol, som er byggjeleiar for arbeidet i Løvenvoldgata, kan ikkje garantere at 17. mai-toget vil gå den vanlege ruta gjennom Løvenvoldgata.

– Under brusteinen skal det vere eit lag med asfalt. Det kan ikkje kome på plass før asfaltverket opnar. Om det ikkje opnar før påsketider, kan det sjå skummelt ut for 17. mai-toget, seier ho.

Bjørshol kan førebels ikkje stadfeste når gata vert ferdig og kan opnast for trafikk. Sjølv om hovuddelen av gravinga er ferdig, står det att ein heil del arbeid.

–Vi har att tilkopling av private leidningar inn mot husa. Seinare skal vi flytte over nokre kablar i eit fortausareal. Vi skal rive fortaua, lage nye samt leggje brustein i gata, seier ho.

Til sommaren

Oppussinga av Løvenvoldgata skulle opphavleg vore ferdig i september. Det er samansette årsaker til at arbeidet ser ut til å strekkje mot sommaren.

– Vi har òg rehabilitert St. Olavs plass. I tillegg har ein del element i grunnen, som eit fjernvarmeanlegg i for dårleg stand, kome i vegen og forseinka arbeidet, forklarar byggjeleiaren.