Hopp til innhold

Lokalpolitikarar vart utestengt frå Frp

Lokalpolitikarane Geir Nordli og Roy-Olav Holten i Kristiansund er utestengt frå Framstegspartiet etter eit lesarbrev i regiondebatten. – Eg er jo litt sjokkert, seier Holten.

Roy Holten og Geir Nordli

Roy Holten og Geir Nordli er fråtekne medlemskapet i Framstegspartiet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det var eit leserbrev frå bystyrerepresentantane Roy Holten og Geir Nordli i Kristiansund som er årsaka til utestenginga.

Dei to skreiv i innlegget at Kristiansund må stå opp og seie at dei har fått nok av Møre og Romsdal og må sjå nordover til Trøndelag.

«Vi på Nordmøre må da ikke hjelpe disse på Sunnmøre og i Romsdalen med å bevare fylket Møre og Romsdal. Har vi ikke lært? Er vi så underkuet? Vi har ikke mer å miste! Hva har vi fått, annet en å blitt ranet?», står det i brevet.

Sjokkert over utestenginga

Roy-Olav Holten er litt sjokkert over vedtaket som vart gjort på fylkesstyremøtet tysdag kveld, der han og Geir Nordli er fråtekne medlemsskapet for alltid.

– Siv Jensen har jo fortalt at det er takhøgde i Frp og at det skal vere rom for ytringar, seier Holten. Han meiner at han har jobba for partiprogrammet både lokalt og sentralt.

Han hevdar at det er krefter sør i Møre og Romsdal som ikkje likar det dei skreiv om at Kristiansund og Nordmøre har best av å høyre til ein midtnorsk region.

– Dette er ein hersketeknikk. Vi må få lov å ha meiningar, vi som er lokalt valde, seier Holten.

Ynskjer ikkje engasjement

Geir Nordli er ikkje overraska over utestenginga.

– Dersom det ikkje er takhøgde i Frp som lokalpolitikar, så må eg berre ta det til etteretning. Dei ynskjer ikkje lokalpolitikarar med engasjement, seier Nordli. Han er gruppeleiar i Kristiansund Frp.

Han kan ikkje sjå noko gale i lesarbrevet han skreiv.

– Vi har eit bystyrevedtak i Kristiansund på at vi skal forhandle med Trøndelag for å finne ut om det i det heile tatt er realistisk, seier Nordli. For han betyr utestenginga at han blir sittande som uavhengig representant dei neste 2 åra. Han vil halde fram med å jobbe for Kristiansund og Nordmøre.

Fylkesleiar Frank Sve vil ikkje kommentere saka.

– Det er ei intern partisak, seier Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL