Hopp til innhold

Var utanlandsproff i seks veker – derfor reiste eliteserieprofilen heim

KRISTIANSUND (NRK): Sean McDermott (25) har alltid drøymt om å bli proff i utlandet. Då sjansen endeleg kom vart det alt anna enn han håpte på.

Sean McDermott

KJAPP RETUR: Sean McDermott levde proffdraumen i Romania i seks veker. No er han tilbake i Kristiansund, der han har vore så god dei to siste sesongane.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

– Det er godt å vere tilbake, når alt vart som det vart, seier den smørblide norsk-iren.

NRK møter den solide keeperen på klubbhuset til Kristiansund. Det er nokre få dagar til seriestart i eliteserien, og det meste verkar som normalt.

Men for McDermott har vinteren vore alt anna enn normal.

Etter to svært gode sesongar i buret til overraskingslaget Kristiansund følte McDermott det var på tide å prøve lukka i utlandet. 18. januar signerte han for FC Dinamo București, ein tradisjonsrik storklubb i Romania som mellom anna har spelt semifinale i meisterligaen.

Fekk ikkje sparken

28. februar var derimot McDermott ferdig i Romania. Dagen etter re-signerte han for Kristiansund.

Kva var det eigentleg som skjedde?

– Eg har fått mange spørsmål om det. Du må nesten spør dei. Eg heldt nullen dei to første kampane. Den tredje tapte vi 2–1 utan at eg gjorde spesielle feil. Deretter fekk eg beskjed om at eg var tredjekeeper, seier McDermott.

Og legg til at han synest måten klubben og trenaren driv på med er heilt sprø.

– For meg var ikkje FC Dinamo București ein klubb å vere i. Med mine ambisjonar og mine mål for karrieren, så følte eg at det var smartast for meg å ta kontakt med dei og sa at eg ville vekk derifrå. Dei sa det var okay.

– Så det stemmer ikkje at du fekk sparken?

– Nei, det var heller eg som gav dei sparken. Eg har lese mykje rart her og der, men det var mi avgjerd, seier keeperen.

– Ikkje bra nok

Etter dei tre kampane Sean McDermott spelte hamna han på benken i den fjerde. Så henta dei inn endå ein keeper. Og då var McDermott brått nummer tre i køen.

– Eg trudde eg var ein i den nye gjengen som trenaren ville satse på, men slik vart det ikkje. Ein dag kan dei elske deg. Den neste er dei ikkje interesserte i å satse på deg, seier McDermott.

Til Telekompsport sa trenar Mircea Rednic. at «han spurde etter ein keeper, ikkje ein libero» då McDermott reiste frå klubben.

Sjølv fekk McDermott aldri slike tilbakemeldingar frå trenaren.

Tilbake i Kristiansund seier McDermott at han uansett ikkje angrar på opphaldet i FC Dinamo București. Å gå til ein klubb i Romania var kanskje ikkje førstevalet, men klubben hadde ei stor historie. Og McDermott klagar heller ikkje på trivselen i Romania.

– Det var rett og slett berre ikkje ein bra nok plass for meg og mine ambisjonar, seier Kristiansund-keeperen.

Blant eliteseriens beste

McDermott har vore ei svært viktig brikke for laget som vart nummer sju i eliteserien i 2017 og nummer fem i fjor. Kristiansund-hjelpetrenar Magne Hoseth svarer diplomatisk på spørsmål om McDermott si betydning for laget:

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

HJELPETRENAR: Magne Hoseth.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Vi har tre veldig gode keeperar som utfyller kvarandre. At Sean kjem tilbake med sin rutine er sjølvsagt viktig. Men vi hadde vore klare uansett.

Rune Edøy, som har følgt Kristiansund-fotballen gjennom ei årrekkje som journalist og kommentator i Tidens Krav, går på si side lengre i sin hyllest av McDermott.

– At Sean kom tilbake var heilt konge. Han var ein av dei aller beste keeperane i eliteserien i fjor. Sean hadde mange matchvinnande redningar og gjorde knapt nok ein feil, seier Edøy.

Og legg til at McDermott sannsynlegvis er Kristiansund sin viktigaste spelar.

Sean McDermott

PÅ LANDSLAGET: Sean McDermott var reservekeeper på Irland i fjor haust. Men sidan han står utan offisielle a-landskampar for Irland kan han framleis bli keeper på Norge – dersom ønskjer det.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Vil ut igjen

Sean McDermott legg ikkje skjul på at han taper ein del pengar på å reise tilbake i Norge. Talet på følgjarar på Instagram-kontoen hans, som gjekk dramatisk opp då han reiste til Bucuresti, har stabilisert seg.

– Men eg skal ut igjen seinare. Og her i Kristiansund kan eg konsentrere meg om fotballen utan å føle at eg er ein del av eit sirkus, smiler Sean McDermott.

PS. NRK har prøvd å få svar frå FC Dinamo București om deira behandling av McDermott – utan resultat.

McDermott

OVERRASKINGSLAG: Kristiansund, leia av Christian Michelsen, overraska med ein sjuandeplass i debutsesongen deira i eliteserien i 2017. I fjor overraska dei endå ein gong og vart nummer fem.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL