Hopp til innhold

Vann fram i retten

I desember 2022 kollapsa taket på ei lagerbygning til Scanprod AS på Valderøya på Sunnmøre.

Selskapet Scanprod AS gjekk nyleg rettens veg og kravde erstatning frå totalentreprenøren Svalinn AS, som dei overtok bygget frå i 2011.

Retten skulle vurdere om krava var forelda, om det var reklamert i tide og om utmålinga av erstatninga.

Dei har no dømt Svalinn AS til å betale over 3,6 millionar kroner i erstatning til Scanprod AS, med tillegg til forseinkingsrenter frå 15. april og til betalinga skjer. Svalinn AS er også dømt til å betale nesten 550.000 kroner i sakskostnader til selskapet.

Takkonstruksjonen var prosjektert, montert og levert av underentreprenøren AK Mekaniske AS. Dei er igjen dømt til å betale i overkant av 4,1 millionar kroner i erstatning til Svalinn AS. AK Mekaniske må også betale litt over 202.000 kroner i erstatning til selskapet.

Retten vektla at det berre var flaks at kollapsen ikkje skjedde før og at den skjedde natt til ein søndag, slik at det ikkje oppstod alvorlege personskadar. Det var også flaks at ikkje meir av varelageret gjekk tapt, står det i dommen.

– Samla er det klart at mangelen har sin årsak i «grov aktlause» hos AK Mekaniske. Svalinn hefte som nemnt for AK Mekaniske sin grove aktlause, står det vidare.

Tak kollapset på Valderøya på Sunnmøre. Det er store skader på taket.
Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL