Hopp til innhold

Stemmejakta har starta

Klokka 12 i dag var det startskot for årets valkamp mange stader i fylket. – Det vert ein annleis valkamp, seier Eva Vinje Aurdal frå Ap i Ålesund.

Valkampstart i Ålesund

I dag var det oppstart av valkampen. I Ålesund var det bra oppmøte

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Etter hendingane på Utøya og i Oslo vart det bestemt at årets valkamp skulle utsetjast til 13. august klokka 12.

Fleire stader i fylket har partia felles opning av valkampen. På Kiperviktorget i Ålesund var alle dei politiske partia invitert til ein felles start av valkampen. Der heldt ordførarkandidat for Ap i Ålesund, Eva Vinje Aurdal ein appell.

Eva Vinje Aurdal, Ålesund Ap

Eva Vinje Aurdal, ordførarkandidat for Ap heldt apell.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

-Å skulle bruke dei neste vekene på å prate om politiske saker og eigne verdiar, er ein brå overgang frå den tunge tida vi har vore gjennom. Samtidig er det viktigare enn nokon gong, seier Aurdal.

Sjølv om Ap var med på opninga, vil dei sjølve ikkje starte valkampen før neste laurdag.

Geir Stenset i Ålesund Frp

Geir Stenset, toppkandidat for Ålesund Frp

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Toppkandidat for Framstegspartiet, Geir Stenset, er glad for at valkampen er i gong.

-Men det blir ikkje eit sirkus, slik valkampen ofte plar vere, seier Stenset. Sjølv om det er viktig å peike ut dei ulike politiske syna i kommunen, skal vi behandle kvarandre med respekt, seier han.

Også Torgrim Finnes i Ålesund Høgre, er glad for å vere i gong med valkampen.

Torgrim Finnes, Ålesund Høgre
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

-I fire år har vi sett fram til valet og då er det godt å kome i gong, seier Finnes. Han har opplevd at terroraksjonen har fått nye veljarar til å melde seg inn i partiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL