Mange av dei drepne og sakna AUF-arane etter Utøya-massakren står framleis oppført som kandidatar på vallistene til kommune- og fylkestingsvalet. No må dei lokale valstyra vurdere om dei vil trykkje nye lister, skriv Nationen i dag.
Fristen for å levere inn vallister til lokalvalet i haust gjekk ut 31. mai og frå 1. juli var det mogleg å tidlegstemme.
Difor er truleg mange av vallistene allereie trykt opp, sjølv om fristen for å trykkje dei er 10. august.
Les:
Ikkje mogleg å nominere fleire
– Det blir opp til valstyra å avgjere om dei ønskjer å trykkje nye lister eller bruke dei som allereie er trykt opp. I dette spørsmålet vil eg oppfordre dei til å ha kontakt med både partia og dei pårørande for å finne den beste løysinga. Kanskje vil nokon ønskje å heidre den drepne ved å la namnet stå, seier statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet, Anne Beathe Tvinnereim, til Nationen.
Det er også eit spørsmål om det er praktisk mogleg å trykkje nye lister. Eventuelle personstemmer som vert gitt til døde personar blir tatt ut av betraktning, ifølgje vallova.
AUF-leiar i Hordaland, Tore Eikeland, er blant dei sakna etter Utøya-angrepet. Han står som nummer åtte på Arbeiderpartiets liste i Hordaland fylke.
Foto: Hommedal, Marit / ScanpixLes:
Les:
– Partiet vil framleis få stemma si, men personstemma vil falle bort, seier Tvinnereim.
Fleire har etter terrorangrepa kome med ønskjer om å få nominere nye ungdommar for å erstatte dei sakna eller drepte i vallistene.
– Dagens vallov set ein stoppar for å nominere fleire kandidatar til valet i år, seier Tvinnereim til avisa.
Dei politiske partia har blitt einige om å utsette valkampen i sørgjeperioden. Arbeiderpartiet opplever stor medlemsauke og valforskarar spår framgang for partiet i haustens lokalval.
Les:
Les: