NRK Meny
Normal

Dømt til fengsel i to år for valdtekt

Høgsterett har dømt ein mann frå Sunnmøre til to års fengsel for valdtekt. Straffa vart dermed seks månader strengare enn i lagmannsretten.

Det var i desember 2011 at den då 18 år gamle mannen hadde avtalt med ei venninne at dei skulle ut på byen. Dei to hadde kjent kvarandre frå barndomen og hadde hatt sex eit par gongar tidlegare utan å vere kjærestar. Kvinna hadde gitt beskjed om at ho ikkje lengre var interessert i eit seksuelt forhold. Ho hadde fått seg ein annan kjæreste.

Dei to møttest på hybelen til domfelte før dei skulle ut på byen. Til saman drakk dei ei flaske sprit. Kvinna som ikkje var vand med å drikke alkohol, vart så rusa at ho ikkje klarte å gå ut på byen. Sidan siste buss heim var gått, fekk ho tilbod om å overnatte på sofaen til 18-åringen.

Sovna på sofaen

Då kvinna sovna, tok domfelte av henne buksa og befølte henne. Då ho vakna utan bukse og følte seg sår nedantil, konfronterte ho 18-åringen med det. Han nekta for å ha gjort noko. Kvinna oppsøkte overgrepsmottaket dagen etterpå, men der vart det ikkje funne spor etter ytre elle indre skader.

Ho melde saka til politiet, og då tilsto barndomsvennen. I Sunnmøre tingrett vart han dømt til fengsel i to år. Han anka straffeutmålinga og i lagmannretten vart straffa redusert til eitt år og seks månader. Påtalemakta anka saka og ville at straffa skulle skjerpast.

Høgsterett legg vekt på at mannen erkjente straffskuld i politiavhøyr og at han var berre 18 1/2 år og rusa då det skjedde. Sidan det ikkje vart gjort DNA-funn, og kvinna ikkje visste kva som hadde skjedd, er det ikkje sikkert at han ville blitt dømt utan tilståinga.

Høgsterett dømde mannen til fengsel i to år.