Hopp til innhold

Ny behandling skal hjelpe valdtektsoffer

Nær halvparten av valdtektsoffer risikerer å få posttraumatisk stressliding. Forskarar håper ei ny behandling kan få ned tala.

Stine Reksten

UTVIKLA PTSD: Stine Reksten blei utsett for seksuelle overgrep i fleire år og utvikla PTSD. Ho er glad for at det blir forska meir på temaet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er ein ganske tøff diagnose å leve med. Om det finst betre behandling for å førebygge dette, er det svært bra, seier Stine Reksten (29).

Sunnfjord-kvinna lever med posttraumatisk stressliding, PTSD.

PTSD er ei angstliding som kan oppstå hos personar som har blitt utsett for ei traumatisk hending.

Frå Reksten var 12 år blei ho i fleire år utsett for ei rekkje overgrep frå ein langt eldre mann.

For henne kom symptoma på PTSD fleire år etter overgrepa.

Lydar og rørsler kunne få henne til å skvette kraftig, og ho kunne brått føle at ho kom til å svime av.

I ein periode jobba ho 200 prosent for å halde dei vanskelege kjenslene unna.

Så møtte ho veggen, og blei sengeliggande i fleire månader.

Alt var mørkt.

Trur færre kan bli sjuke med betre hjelp

9 prosent av norske kvinner og 1 prosent av menn blir valdtekne.

Det syner tal frå Amnesty.

Mellom 30–50 prosent av desse kan kome til å utvikle posttraumatisk stressliding etterpå.

– Tala er for høge, seier psykologspesialist og stipendiat Tina Haugen ved NTNU.

Saman med ei forskargruppe skal dei inn i tre norske overgrepsmottak for å sjå om dei kan få ned tala.

Forskarane trur ei anna og meir spissa behandlingsform for valdtekne kan førebygge PTSD i større grad enn dagens tilbod kan.

Tina Haugen, forskar, NTNU

FORSKING: For mange blir valdtekne og mange av dei risikerer å bli sjuke etterpå. NTNU-forskar Tina Haugen vil sjå om ei ny og alternativ behandling kan gi betre hjelp.

Foto: Privat

Den nye behandlinga er ei form for eksponeringsterapi, som ifølge Haugen er ein velkjent metode for å førebygge kronisk PTSD.

Her kan du lese meir om behandlinga og om studiet.

– Vi trur denne behandlinga kan gjere at færre utviklar posttraumatisk stresslidelse. Det er ein sjukdom som kan vere svært invalidiserande om den blir kronisk, seier Haugen.

Om lag 1 prosent nordmenn lir av PTSD.

Kan kome i alle landets mottak

– Samanlikna med andre sjukdommar synest eg sjukdomsutviklinga som følge av valdtekt og traume får for lite fokus når vi veit kor mange som blir ramma, seier Haugen.

Over 200 kvinner på overgrepsmottaka i Oslo, Vestfold og Trondheim skal vere med i forskinga.

I løpet av to år håper Tina Haugen og kollegaene å sitte på fleire svar.

Dersom behandlinga er effektiv, håper forskarane at den kan bli eit ekstra tilbod på overgrepsmottaka.

– Vi veit mykje om traumebehandling når folk har blitt sjuke, men det er kanskje betre å hjelpe dei før slik at dei ikkje rekk å bli sjuke, seier Haugen.

kompetansesenter mot seksuelle overgrep Nok i Førde, møter dagleg leiar Chatrine Elholm mange som slit med PTSD etter valdtekt.

– Det er ein svært vanleg seinskade etter valdtekt, og spesielt dersom dei ikkje har fått tidleg og god hjelp, seier Elholm.

Ho synest det er positivt om forskinga kan vere med å hindre nokre av plagene og utfordringane dei valdtekne lever med.

– Nettopp det å komme tidleg inn med intensiv behandling er bra, seier Elholm.

Trude Lundekvam og Chatrine Elholm ved NOK-senteret i Førde.

Trude Lundekvam og Chatrine Elholm jobbar på Nok i Førde, som er eit hjelpetilbod til folk som har blitt utsette for seksuelle overgrep. Dei gir også rettleiing og undervising til skular, barnehagar, helsepersonell m.m.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

Har tru på ny behandling

Siri Thoresen jobbar som forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

Ho fortel at valdtekt og andre alvorlege seksuelle overgrep kan føre til auka risiko for psykiske og fysiske helseproblem. Ho synest det er svært positivt at det blir forska på psykisk helse hos dei som kjem til overgrepsmottak. Det har nemleg ikkje blitt gjort på 30 år.

– Derfor veit vi altfor lite om helseproblema og hjelpebehov i denne gruppa, seier Thoresen.

Les også Europarådet kritiserer norske krisesenter

Beboerrom, Krisesenteret i Stavanger

I Grevio-rapporten skriv forfattarane at dei er «alvorleg bekymra» for oppfølginga dei valdtekne får.

Overgrepsmottaket i Førde ønskte å vere med i forsking, men med om lag 60 pasientar årleg, blir dei for små.

Fagansvarleg sjukepleiar Lin H. Finjord har tru på at ei behandling der ein går inn tidleg, vil kunne førebygge sjukdom.

Ho ser at fleire kan utvikle PTSD og få behov for traumebehandling etter overgrep.

– Vi er spente på kva reiskap denne studien brukar som vi kan nytte, seier Finfjord.

God psykologhjelp var avgjerande

Stine Reksten er glad for at valdtekt og overgrep får meir merksemd.

– Det er eit enormt problem. Å ha eit godt støtteapparat kort tid etterpå er så viktig, for det kan vere avgjerande for korleis ein lever med hendinga seinare, seier 29-åringen.

Men her har hjelpeapparatet ein del å gå på, meiner ho.

Sjølv følte ho seg avvist då ho først oppsøkte hjelp, og ho sat med ei kjensle av at ho ikkje var sjuk nok.

Stine Reksten

Stine Reksten lever i dag eit godt liv, takka vere godt hjelpeapparat og gode folk rundt seg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

God psykologhjelp blei avgjerande. Reksten lærte seg å forstå kvifor kroppen reagerte som den gjorde, og korleis ho kunne takle det.

Støtte frå gode venner var også viktig for å kome seg vidare.

Ho var også med å få overgriparen sin dømd til fengselsstraff.

Reksten har framleis PTSD, men greier å halde det i sjakk.

– I dag har eg eit godt liv, seier ho.