Hopp til innhold

Meiner politiet gir offera ansvaret for overgrep i Facebook-innlegg

Mange reagerer etter at politiet i Sogn skreiv om festovergrep i eit innlegg på Facebook.

Illustrasjonsfoto

REAKSJONAR: Fleire meiner politiet sitt innlegg på Facebook legg ansvar på offeret ved overgrep. Biletet viser delar av den opphavlege teksten.

Foto: Kyrre Lien / NTB / skjermdump fra instagramkontoen 1000historier

– Kjære ungdom, ikkje sett deg i situasjonar kor du kan kome i naud eller få vonde opplevingar, skriv politiet i Sogn i eit lengre innlegg på Facebook 10. juni.

I Facebook-posten viser politiet til at festivalsommaren nærmar seg og gir råd til foreldre og ungdom.

Innlegget har fått fleire til å reagere.

Natalina Heia er jurist og ein av dei som står bak instagramkontoen 1000historier, som formidlar historier om vald og valdtekt.

Ho har også ein instagramkonto der ho gir råd til kvinner som opplever vald og overgrep.

Då ho las innlegget frå politiet i Sogn tenkte ho at ansvaret vart lagt over på jentene.

Heia meiner teksten fokuserer på at ein som kvinne og jente må passe på å ikkje bli valdteken, mellom anna med formuleringar om alkoholbruk.

– Politiet bør ikkje nøre opp under den type diskriminering og fordommar mot jenter, men heller snakke om samtykke mellom to partar og om trygg og sikker sex, seier ho.

Natalina Heia

– Eg tenkte at det var veldig godt meint frå politiet om å minne ungdom om å ta vare på kvarandre, men at det blir feil fokus, seier Natalina Heia.

Foto: PRIVAT

– Slik innlegget først var formulert frå politiet si side, meiner de politiet legg ansvar for overgrep og valdtekt på offeret?

– Ja, eg synest eigentleg det. Det står ingenting om det ansvaret andre har for ikkje å valdta, innhente samtykke, ta vare på vedkomande, seier Heia.

Ho fortel at dei har fått sterke reaksjonar etter at dei delte teksten frå politiet på sin instagramkonto.

Meiner jenter blir pålagt meir ansvar

Mie Svarstad har også reagert på innlegget. Ho er lærar i vidaregåande skule og blei tipsa om innlegget av ein elev som meinte politiet la ansvar på offeret.

Post Malone Koengen 2022

Mange unge har i år sin fyrste festivalopplevelse.

Foto: Oliander Taule

– Ikkje eitt ord i det innlegget understreka at det gutane i det tenkte scenarioet gjorde, faktisk er straffbart, seier Svarstad.

Ho meiner kvinner og jenter i langt større grad blir pålagt ansvar for ikkje å setje seg sjølv i fare, enn ein ser kampanjar for å bevisstgjere gutar og menn.

– Ingen unge kvinner eller menn skal føle på skam og frykt for å politimelde, fordi styresmakter allereie har lagt føringa om at «ein må passe på seg sjølv for å ikkje bli utsett for overgrep».

Skjermbilde av innlegg på instagram

Dette innlegget la 1000historier ut på Instagram.

Dette innlegget la 1000historier ut på Instagram.

Svarstad synest det er flott at politiet oppfordrar til økt foreldrenærvær, men meiner det blir for einsidig fokus på at dei unge ikkje skal hamne i sårbare situasjonar.

– Kva med å oppfordre foreldra til å ta praten om å ikkje utnytte nokon i ein sårbar situasjon? Det hadde vore ei lita, men viktig justering, legg ho til.

Politiet har endra innlegget

Politiet har gjort endringar i Facebook-posten etter reaksjonane som har kome.

Politisjef i Sogn og Fjordane Arne Johannessen understrekar at innlegget frå politiet si side var skrive med dei beste intensjonar med råd til foreldre og unge.

Han legg til at innlegget hadde eit førebyggande perspektiv meir enn eit strafferettsleg perspektiv.

– Så ser eg at det er nokre formuleringar som kan misoppfattast, men la det aldri vere nokon tvil: Politiet er veldig tydelege på at overgrep er alltid overgriparen sitt ansvar, seier han.

Arne Johannesen, politileiar i Sogn og Fjordane

Politisjefen i Sogn og Fjordane er glad for å få tilbakemeldingar. – Vi har vurdert det og ser at det er viktig å ta på alvor og gjere endringar så misforståingar blir fjerna.

Foto: Bård Siem / NRK

Johannessen viser til at politiet som del av eit førebyggande arbeid vil formidle kunnskap om at kvinner og menn som er rusa er meir utsett overgrep.

– Er det nok fokus på dei som utfører overgrep?

– Det er absolutt fokus når politiet kommuniserer med ungdom i ulike samanhengar. Det er alltid fokus på at den som driv fysisk overgrep – det er den sitt ansvar og ingen andre.

Heia synest det er bra at politiet har teke til seg tilbakemeldingane og endra innlegget, men synest politiet kunne vore tydelegare.

– Særleg det å snakke om samtykke. Det er eit viktig tema å ta tak i både hos gutar og jenter.