Hopp til innhold

Væpna aksjon i Averøy

To politibilar med mannskap ikledd skotsikre vestar rykka ut til ein situasjon på Averøya onsdag kveld.

Væpna aksjon

Det var TK.no som først omtalte saka.

I 20.00-tida onsdag kveld rykka væpna politi ut til ein situasjon på Averøya.

– Bakgrunnen for aksjonen var at vi fekk ei uromelding frå ein mann som følte seg trua av ein annan mann, fortel Frode Gjøsund, operasjonsleiar ved politiet på Nordmøre og i Romsdal til NRK.

Skytevåpen involvert

Ifølge operasjonsleiaren oppstod det ein situasjon mellom dei to mennene som har hatt ei konflikt i ei lengre periode.

– Den eine av dei involverte var utstyrt med eit skytevåpen og vi valde difor å væpne oss for vår eigen og andres tryggleik, seier Gjøsund.

Politiet rykka raskt ut til staden der dei fekk kontakt med den aktuelle personen via telefon.

– Det heile gjekk for seg utan dramatikk og mannen gav frå seg skytevåpenet frivillig, seier han.

Vedkomande blir no tatt med til politistasjonen i Kristiansund for vidare avhøyr, og våpenet blir beslaglagt av politiet. Politiet vil så langt ikkje seie noko om kva konflikten gjekk ut på.

Sak blir oppretta av politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL