NRK Meny
Normal

Uvettig forbikøyring i Eiksundtunnelen

Politiet etterlyser vitne til ein farleg trafikksituasjon i Eiksundtunnelen i Ørsta tidlegare i kveld. Tre bilar var involverte.

Eiksundtunnelen

Mange trafikkuhell har skjedd i Eiksundtunnelen mellom Ulstein og Ørsta etter at han blei opåna i 2008.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var i 19:30-tida i kveld at det som kunne ha blitt ein alvorleg situasjon i den undersjøiske Eiksundtunnelen, oppstod i samband med ei forbikøyring.

– I alt tre bilar var involverte. Ein bil som blei forbikøyrd og ein som kom i møte. Forbikøyringa skjedde slik at ein møtande bil måtte legge seg heilt ut mot autovernet for å unngå møtekollisjon, fortel operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre Politidistrikt.

Det har tidlegare vore fleire alvorlege bilulukker i Eiksundtunnelen etter at han blei opna i 2008.

Trygve Ødegård

Operasjonsleiar Trygve Ødegård etterlyser vitne som såg forbikøyringa i Eiksundtunnelen i kveld.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Tunnelen knyt Ulstein saman med fastlandet i Ørsta, er rekna som ein av verdas djupaste undersjøiske tunnellar, med ei djupne på 287 meter.

Skadar på bilen

Bilen som måtte vike for å unngå kollisjon måndag kveld, kom bort i autovernet, og fekk påført mindre skadar.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med bilen som blei forbikøyrd for vi treng vitne til episoden, seier Ødegård.

Aller helst ønskjer politiet å kome i kontakt med føraren av bilen som gjorde den uvettige forbikøyringa.