(Illustrasjonsfoto: Scanpix)
Vedkommande har vedgått å ha vore med på innbrotet i Tico-senteret på Sunndalsøra natt til første påskedag. Han blir bøtelagt og sendt ut av landet i løpet av dagen, seier lensmann Hallvard Vermøy i Sunndal.
Politiet leiter framleis etter ein annan mann som var med på tjuveriet. Dei stolne mobiltelefonane har ikkje komme til rette.