Hopp til innhold

Her er sjukehuset fylt opp av ferdigbehandla pasientar

I heile landet blir utskrivingsklare pasientar liggande på sjukehuset. I Kristiansund er ein tredjedel av pasientane ferdigbehandla.

Kristiansund sykehus

TAR OPP PLASSEN: Her er det fleire innlagde pasientar som per definisjon er ferdigbehandla.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nokre dagar er ein tredjedel av sengeplassane på sjukehuset i Kristiansund belagt av ferdigbehandla eldre, som er for dårlege til å klare seg heime.

Desse pasientane treng eit heildøgns helsetilbod utanfor sjukehuset.

Det klarar ikkje Kristiansund kommune å gi dei, meiner helseføretaket.

Helsepersonell med båre
Dermed blir dei liggande i korridorar og på overfylte sengepostar. Det er snakk om alt frå dagar til veker.

– I periodar er det på grensa til å gå utover akuttberedskapen vår, så det at kommunen ikkje har kapasitet til å ta imot pasientane påverkar oss i veldig stor grad, seier Georg Johnsen.

Han er klinikksjef ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og seier situasjonen pregar både pasientar og tilsette.

– Våre tilsette strekker seg ekstremt langt for å få det til å gå rundt, og vi treng å leige inn ekstra folk på nærast kvar einaste vakt.

Klinikksjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund, Georg Johnsen

Klinikksjef Georg Johnsen er ein av dei som har skrive brev til Kristiansund kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / nrk

Tilbyr sengeplassar

I starten av juni sende helseføretaket difor eit brev til kommunen.

Dei beskriv ein prekær situasjon og vil ha svar på eitt spørsmål:

Kva plan har kommunen lagt for å handtere utskrivingsklare pasientar i sommar?

Dei tilbyr også kommunen ein sengepost med kapasitet til 10 pasientar til bruk i sommar - så lenge kommunen sjølv bemannar denne.

– Trur de kommunen vil takke ja til tilbodet?

– Det har eg ikkje fått noko tilbakemelding på, men sommaren er jo her no, så det ser ikkje slik ut, seier Johnsen.

Det var Tidens Krav som først omtalte saka.

– Ingen rot i verkelegheita

Siv Iren Stormo Andersson i Kristiansund kommune, seier tilbodet om sengeplassane for så vidt er nobelt, men meiner det ikkje har rot i verkelegheita.

– Vi strever med å få nok ferievikarar i dei ordinære tenestene våre, så å bemanne opp ei heilt ny avdeling på ein stad vi ikkje er vande til å vere på, er heilt umogleg.

Siv Iren Stormo Andersson, kommunalsjef helse og omsorg i Kristiansund

Kommunalsjef for helse, pleie og omsorg i Kristiansund kommune, Siv Iren Stormo Andersson, meiner at debatten blir for einsidig og at høgt belegg på sjukehuset ikkje berre skuldast utskrivingsklare pasientar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Når det gjeld kommunen sin plan for sommaren, svarer ho at dei kjøper sjukeheimsplassar med nabokommunane som ei kortsiktig løysing.

I tillegg jobbar dei med ein ny sjukeheim som tidlegast er klar i 2026.

– Kapasiteten vår er ikkje god nok for tida, det er vi ærlege på.

– Kvifor har det tatt dykk så lang tid å svare på brevet?

– Det er vanleg med tre vekers svarfrist i offentleg sektor og brevet kom like før pinsehelga. Vi har hatt sjukdom på huset, så av og til tek det oss litt lengre tid å svare.

Fortvila situasjon

Hanne Haavde Stenseth er jamleg i kontakt med pårørande til dei som blir liggande på sjukehus lengre enn dei treng.

– Dei er fortvila fordi dei opplever at deira næraste ikkje får varetatt behova sine.

Hanne Haavde Stenseth, Pasient og brukerombudet i Møre og Romsdal

Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Hanne Haavde Stenseth.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det medfører også auka risiko for forverring av helsetilstanden til den enkelte og kan utgjere ein risiko for pasientsikkerheita.

– At kommunen ikkje har eit tilbod til desse pasientane bryt med verdigheitsgarantien som skal sikre folk ein meiningsfull og trygg alderdom.

På det svarer kommunen at helseføretaket må ta ansvar for å vareta verdigheitsgarantien og pasientsikkerheita til pasientane all den tid dei er på sjukehuset.

– Eg har forståing for at eit akuttsjukehus ikkje er godt nok tilrettelagt for til dømes demente pasientar, men situasjonen er dessverre er slik, seier Andersson.

Ikkje unikt

Situasjonen i Helse Møre og Romsdal er ikkje unik.

I ein rapport skriv Helsedirektoratet at talet på utskrivingsklare liggedøgn auka i heile landet i 2021, etter ein nedgang frå 2019 til 2020.

Likevel er det store forskjellar mellom helseregionane.

– Helse Nord og Helse Midt-Norge har hatt ein sterkare auke, medan Helse Vest og Sørøst har hatt ein nedgang, seier Helga Katharina Haug, fungerande divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

– Det kan tyde på at kommunane i Midt-Norge og i Nord har fleire utfordringar med å organisere mottak av utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa, men vi har ikkje konkret kunnskap om kva auken skyldast, seier ho.

NRK forklarer

Utskrivingsklare pasientar på norske sjukehus

Utskrivingsklare pasientar på norske sjukehus

Kven har ansvar for å ta imot utskrivingsklare pasientar?

Kommunene har ei lovpålagt plikt jfr. samarbeidsavtalar til å ta imot pasientar som blir meldt ferdigbehandla i spesialisthelsetenesten og som skal skrivast ut til vidare oppfølging i kommunen dei bur i.

Utskrivingsklare pasientar på norske sjukehus

Kva skjer dersom kommunene ikkje kan ta imot utskrivingsklare pasientar?

Kommunene må betale ein døgnpris på 5306 kroner per døgn for dei utskrivingsklare pasientane som blir liggande på sjukehus i påvente av eit kommunalt tilbod. Kjelde: Helsedirektoratet

Utskrivingsklare pasientar på norske sjukehus

Kva er verdigheitsgarantien?

Forskrifta om ein verdig eldreomsorg, også kalla verdigheitsgarantien, skal sikre at eldreomsorga blir tilrettelagt slik at det bidreg til ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom. 

 

Viser til ny samhandlingsplan

– Dessverre er dette ei utfordring fleire plassar, både i Midt-Norge og i andre delar av landet, seier Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Ho seier regjeringa «særleg vil sjå på overgangen mellom sjukehus og kommunehelsetenestene» når dei no jobbar med ein Nasjonal helse og samhandlingsplan.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Helseminister Ingvild Kjerkol.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Kva konkrete verktøy er det snakk om å gi kommunane og lokalsjukehusa for å betre overgangen?

– Det vil eg seie noko om når vi legg fram samhandlingsplanen og når vi har gode, konkrete svar å kome med.