Hopp til innhold

Utselt for jodtablettar på fleire apotek

Fleire apotekkjeder er utselde for jodtablettar. Helsedirektoratet seier det vil vere mogleg å få tak i meir i neste veke.

Kristoffer Nygård, apoteker i Ålesund

Kristoffer Nygård er apotekar på eit apotek i Ålesund. Han merkar at fleire vil kjøpe jodtablettar no.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Kristoffer Nygård er apotekar i Ålesund. Han seier det har vore veldig mange fleire innom for å spør etter jodtablettar, enn dei vanlegvis opplever. Men at det ikkje er ein ekstrem etterspørsel.

– Det har vore litt pågang. Det har kome fleire bestillingar, så det er tydeleg at folk er litt bekymra.

Nygård fortel at det er tomt på lager, og at dei truleg ikkje får inn fleire jodtablettar på apoteket i Ålesund før om 12 veker.

– No er det tomt.

Tomt for jodtablettar i apotekhylla

I hylla på apoteket er det foreløpig tomt for jodtablettar.

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

Beredskapslager heime

Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap anbefaler at alle under 40 år, dei som er gravide, ammar eller bur i lag med barn har jodtablettar heime. Desse skal ein ikkje ta utan at myndigheitene går ut og anbefaler det.

Jod beskyttar oss viss det er radioaktiv stråling i lufta, for eksempel i forbindelse med ei atomulykke.

Kroppen vår produserer ikkje jod, og utan at vi tek tablettar må vi få det gjennom maten vi et. For eksempel frå kvit saltvatnfisk, brunost, yoghurt og mjølk.

Auka sal

Dei siste dagane har salet av jodtablettar auka kraftig. Helsedirektoratet skriv til NRK at dei på grunn av i situasjonen i Ukraina får mange førespurnader og spørsmål frå kommunar og innbyggjarar om tilgang på jodtablettar.

Tal frå Apotekforeningen viser at det vart selt 1840 pakkar med jodtablettar torsdag. Framleis manglar dei tal frå om lag ein fjerdedel av apoteka.

Til samanlikning var det selt 49 pakkar same dag i førre veke.

Det ser også ut til at det kan vere forskjellar mellom nord og sør.

– Det er veldig store befolkningsforskjellar i fylka, men det kan sjå ut som om tala er noko høgare i Troms og Finnmark enn i resten av landet, seier Jostein Soldal i Apotekforeningen.

Kommunikasjonssjef i Apotekforeningen, Jostein Soldal

Kommunikasjonssjef i Apotekforeningen, Jostein Soldal, ser at dei har selt mykje meir jodtablettar denne veka enn dei gjer til vanleg.

Foto: Stian Gregersen

Lågt sal til vanleg

Også tala til apotekkjedene sjølv viser auka sal av jod.

Kjersti Solberg Ofstad

Kommunikasjonssjef Kjersti Solberg Ofstad i Apotek 1 seier dei har selt mykje jodtablettar.

Foto: Apotek 1

– Berre i går selde vi like mange pakningar som vi gjer på eitt år, seier Kjersti Solberg Ofstad i Apotek 1.

Det auka salet har gjort at fleire apotek er utselt for tablettane. Men Ofstad påpeikar at apoteka i kjeda sel veldig lite av jod til vanleg. Difor har dei ikkje nødvendigvis så mykje på lager.

Kommunikasjonssjef og farmasøyt i Boots Norge, Anne Margrethe Aldin Thune.

Kommunikasjonssjef og farmasøyt i Boots Noreg, Anne Margrethe Aldin Thune seier dei har litt tablettar igjen.

Foto: Nina E. Rangoy / Nina E. Rangoy

Det same påpeikar Anne Margrethe Aldin Thune i Boots. Ho roar samtidig dei som måtte vere bekymra etter å ha kome til tomme hyller.

– Vi har igjen eit stort parti med tablettar som kjem inn på lager i dag. Så då bør dei som har selt seg tomme, få inn igjen, seier Thune.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL