Hopp til innhold

Ber folk vere forsiktige når dei skal rydde orkanskog

– Skogsrydding er risikabelt arbeid, seier skogbrukssjefen i Volda. Han åtvarar folk mot å gi seg i kast med orkanherja tre.

Trevelt Hatlane

ORKANSKOG: Trea har velta over eit hus på Hatlane i Ålesund.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Les også:

Nettselskapa jobbar på spreng for å fjerne tre som ligg over kraftlinjene i fylket og har bede folk om hjelp. Men, skogbrukssjefen i Volda åtvarar mot at kven som helst startar opp motorsaga og gyv laus.

– Det er risikabelt arbeid, og det kan jo skogsarbeid vere generelt. Men orkanskog er mange, mange gonger verre, Med fare for tilbakegang av rotvelter, stammer i spenn og stammer i kryss og i det heile teke, seier skogbrukssjef i Volda kommune, Roger Nedreklepp til NRK.

Svært mykje skog som har lagt seg over kraftlinja har gjort at beredskapsleiaren for straumforsyninga i Møre og Romsdal ber om hjelp til å fjerne buskar og tre som har øydelagt kraftlinjene.

Me ønskjer at alle som er vand til tøft skogsarbeid, og som kan å handtera motorsag, om å ta kontakt med nettselskapa, seier beredskapsansvarleg for straumforsyninga i Møre og Romsdal, Svein Rødal.

Les også:

Livsfarleg arbeid

Men, slikt ryddearbeid kan vere farleg. Etter nyttårsorkanen for 20 år sidan mista seks personar livet i oppryddingsarbeidet.

Skogbrukssjefen i Volda ser difor grunn til å åtvare folk som ikkje har erfaring med slikt arbeid mot å delta. For dei som har lyst å hjelpe er det høve til å tileigne seg kunnskapen som skal til.

Me kjem til å gjere, som me gjorde i 1992, å arrangera kurs i sikker hogst i orkanskog. Så det er berre å melde seg til landbrukskontoret i Ørsta. Inntil vidare får eg berre seie at folk må vise den største aktsemd nå dei går inn i orkanskada skog, oppmodar Nedreklepp.

5500 utan straum

Mykje skog må ryddast vekk før straumforsyninga er tilbake til normalen. Norges- vassdrags og Energidirektorat (NVE) melde tysdag føremiddag at talet på kundar utan straum var om lag 30 000. Tysdag ettermiddag har det talet blitt halvert, opplyser Statskraft.

I Møre og Romsdal er 5500 framleis utan straum. Nettselskapa jobbar no med å skaffe kundane straumen tilbake, og mest truleg vil talet på straumlause bli redusert til kring 4300 i løpet av tysdagskvelden.

Dei fleste selskapa har brukt ekstern hjelp til skogrydding, delvis ved å leige inn ekstra mannskap frå entreprenørar, frå lokale gardbrukarar, skogsarbeidarar og Heimevernet.

Her er ei oversikt over situasjonen til din kraftleverandør:

  • Tussa Nett: Er usikker på om alle kundar er innkopla i løpet av veka. 2000 personar er utan straum i Synnylven, Volda og Ørsta. Det er eit omfattande arbeid som står att for Tussa Nett, og det vert arbeida med å hente inn eksterne ressursar både til skogrydding og reparasjonsarbeid.
  • Tafjord Kraftnett: Dei siste kundane vil mest truleg ikkje bli innkopla før på fredag. Alle kundar i Norddal kommune har straum, og feilretting på høgspentnettet i og rundt Ålesund er ferdig. Det er mange feil på lågspentnettet som det vil ta nokre dagar å utbetre. 500 personar er utan straum, dette vil bli redusert til 100 personar i løpet av onsdag, og dei siste kundane blir innkopla fredag.
  • Ørskog Energi: Alle kundar har straum i løpet av onsdag.
  • Sandøy Energi: Kring 250 personar utan straum på grunn av feil på kabel til Finnøy, Orten, Sandøy og Ona. Alle kundar har straum i løpet av onsdag.
  • Nordvestnett: Kring 250 utan straum, spreidd kringom i området. Dei siste kundane vil mest truleg ikkje bli innkopla før på fredag.
  • Rauma Energi: 100 utan straum. Alle kundar har straum i løpet av onsdag.
  • Nesset Kraft: Alle kundar har straum i løpet av tysdag.
  • Istad Nett: Kring 400 personar er straumlause, spreidd rundt i forsyningsområdet. Dei siste kundane vil mest truleg ikkje bli innkopla før på torsdag.
  • NEAS: Kring 200 personar er straumlause, spreidd rundt i forsyningsområdet. Dei siste kundane vil mest truleg ikkje bli innkopla før på torsdag.
  • Svorka Energi: Alle kundar har straum i løpet av tysdag.
  • Sunndal Energi: Alle kundar fekk straum på måndag.
  • Stranda Energi: Kring 500 personar straumlause i Geiranger og Hellesylt. Viss Geiranger får tilbake straumen tysdag kveld vil det vare kring 250 personar som manglar straum. Dei siste kundane vil mest truleg ikkje bli innkopla før på fredag.
  • Sykkylven Energi: Alle kundar har straum i løpet av tysdag.


Tyngda av kundane vil få straumen tilbake i løpet av onsdag, men resten vil bli innkopla torsdag, fredag og dei siste på laurdag denne veka.

Faremo besøker orkanherja område

Video Heimevernet ryddar opp

VIDEO: Sjå TV-reportasjen frå oppryddinga i skogane i Austefjorden i Volda.

Justisminister Grete Faremo (Ap) reiser onsdag til Sunnmøre for å besøka område som blei råka av orkanen «Dagmar». Og for å få ei orientering om kraftforsyninga og skadane etter uvêret.

Statsråden landar på Ålesund lufthamn Vigra i tolvtida og skal besøke Stordal kommune der ordførar Charles Tøsse vil fortelje om øydeleggingane orkanen har gjort og kva konsekvensar det har ført med seg.

Faremo skal òg besøka Valldal, kommunesenteret i Norddal kommune, der ordførar Bjørn Inge Ruset vil orientera om den langvarige straummangelen og mangel på telekommunikasjon.