Hopp til innhold

- No må det vere nok ekstremver

Familien Sande i Syvde på Søre Sunnmøre hugsar nyttårsorkanen i 92 godt. Den tok store delar av garden. For nokre år sidan gjorde ein flaum store skadar på eigedommen. Og no 1. juledag kom det nok ein orkan.

Dagmar herja Syvde

Innbyggjarane i Syvde i Vanylven var mellom dei som vart hardt råka av orkanen Dagmar som trefte store delar av Vestlandet 1. juledag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Restane etter Dagmar ligg strødd utover gardstunet til familien Sande. Tremateriale ligg som pinneved og løa har fått tydelege sår på mellom anna veggane, etter den kraftige vinden.

– Og vi som nesten akkurat er ferdig med å rydde opp etter sist runde med ekstremvêr, fortel Wenche Ann Sande.

– Redde før orkanen kom

Innbyggjarane i Syvde i Vanylven var mellom dei som vart hardt råka av orkanen Dagmar som trefte store delar av Vestlandet 1. juledag.

– Vi hugsar tilbake til orkanen som var sist, og var veldig redde. Vi bur også i eit nytt hus og var ikkje sikre på korleis vinden kom til å ta, seier Sande.

For å prøve å sikre seg mot skadar om noko skulle skje med huset stod Sande og dei andre som var på julebesøk bak veggar og i gangen.

– Då det var på det verste hadde det vore stille i ca 10 minutt. Så vi tenkte at anten er det over no, eller så blir det verre, fortel Sande.

Hardt ramma i Syvde

Gardstunet i Syvde i Vanylven har fått store skadar etter orkanen Dagmar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Sikker på taket reiste med vinden

Men det var ikkje over.

Vinden tok seg opp igjen og store tok med seg store delar av løa til naboen. Og huset til familien Sande vart peppra av mellom anna materiale.

– Då var vi sikker på at taket reiste!

Wenche Ann Sande

Wenche Ann Sande

Foto: Remi Sagen / NRK
– Off, på an igjen

Wenche Ann Sande er oppvekst på garden i Syvde som ligg ikkje så langt frå sjøen. For ho er det trist å sjå skadane som ekstremvêret førte til.

– Det einaste eg tenkte var: off, no er det på an igjen. Vi hadde orkanen for nesten 20 år sidan, så var det flaumen no i haust som tok mykje av garden vår. Vi er nesten akkurat ferdig å rydde opp etter det som skjedde då.

Korleis blir det å byrje på nytt no?

Viggo Sande

Viggo Sande

Foto: Remi Sagen / NRK

– Nei, eg veit ikkje. Ein må no berre ta eit tak og halde fram med ryddinga slik ein kjem seg ovanpå igjen.

Sonen som bur på gardstunet kom heim seint onsdag kveld. Dagmar har gitt han mykje å henge fingrane i denne jula.

– Det er kaotisk. Det ser mest ut som ei krigssone, så her er mykje godt arbeid å ta tak i no, seier Viggo Sande.

– Må eigentleg berre flire

Både i Syvde og fleire stadar langs kysten har dei opplevd dette før. No må dei rydde igjen.

– Ein må eigentleg berre flire av heile greia. Det er berre heilt vanvittig at slikt ver skal kome så ofte. Også på ein 1. juledag, da, seier Sande lettare oppgitt.