Hopp til innhold

Ut av opplag – inn med batteri

Det er stor glede over nye kontraktar. Skipet Far Searcher skal ut på oppdrag igjen.

Far Searcher

Offshoreskipet Far Searcher skal ut av opplag og over til oppdrag for Statoil i Kristiansunds-området.

Foto: Farstad

Statoil tildeler kontraktar for sju fartøy til fem reiarlag, deriblant sunnmørske Havila og Solstad Farstad. Den samla kontraktverdien er på 3,1 milliardar kroner.

Hos Solstad Farstad i Ålesund er det jubel over at det endeleg kjem gode nyheiter:

– Tidlegare har det handla om å sende båtar i opplag. No er det det motsette, seier ein godt fornøgd Børge Nakken. Han er konserndirektør for teknologi og utvikling i Farstad Solstad.

Solstad Farstad

Både Solstad Farstad og Statoil vil vere pådrivarar for batteripakkar om bord i skip. Frida Ekløf Monstad frå Statil er her saman med Børge Nakken (t.v.) og Svein Leon Aure frå Solstad Farstad.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Må ha batteripakke

Far Searcher har lege i opplag på Humla i Ålesund. No skal skipet inn att i arbeid for Statoil i Kristiansunds-området.

Alle reiarlaga som har skrive kontrakt med Statoil forpliktar seg til å installere batteripakke på båtane.

– Ved å ha batteri om bord betrar ein tryggleiken. Ein kan slå av motorane og ein kan få ned brennstofforbruket og utsleppa, seier Børge Nakken.

Statoil har pressa på

Han legg ikkje skjul på at det er Statoil som har pressa på for å få dette til.

Frida Ekløf Monstad i Statoil seier dei ønsker å vere best på dette området:

– Vi ser at batteripakkar om bord i båtar gir god effekt. Derfor krev vi no batteri når vi inngår kontraktar.

Ei framtid med batteri

Frå før er det klart at også skipet Far Sun skal få installert batteripakke. Dette skal gjerast ved Brattvåg Skipsverft i Haram i løpet av hausten.

Far Sun

Skipet Far Sun får installert batteri i løpet av hausten.

Foto: Harald M. Valderhaug

Både reiarlaget og Statoil trur startskotet har gått for ei framtid med batteri på alle båtar.

Reiarlaga som Statoil har skrive kontrakt med er Solstad Farstad, Havila, Skanski Offshore, DOF og Ugland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL