Hopp til innhold

Slik smuldra offshore-formua opp

Fleire spådde ei ytterlegare halvering av offshore-formuane i 2016. Her er fasiten for Møre og Romsdal.

Far Sun

Far Sun er eit av fleire plattformforsyningsskip som no er del av flåten til Røkke/Aker/Fredriksen-kontrollerte Solstad Farstad.

Foto: Harald M. Valderhaug

På fem år har formuen til Farstad-brørne Sverre Andreas og Jan Henry blitt redusert til ein tiandedel, frå om lag to milliardar til 200 millionar.

«Timing» er nøkkelen for å forstå utviklinga i offshore-formuane, meiner professor i økonomisk historie ved NHH, Ola Honningdal Grytten.

Oversikta over offshore-formuane dei siste åra syner ein reduksjon på over ein milliard kroner.

Ola Grytten

Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH.

Foto: Trond Vestre / NRK

Farstad-brørne hardast ramma

Sjølv om formuestalet i sjølvmeldinga ikkje viser heile sanninga, vil ein kunne sjå preg av ein dårleg marknad for offshore gjennom lågare personlege formuar for offshore-reiarane.

Tidspunktet for når dei ulike reiarane har valt å ta tap eller restrukturere selskapa sine, verkar å ha hatt stor innverknad på korleis dei har klart seg gjennom offshore-krisa, meiner Grytten.

– Aage Remøy vart som han seier, rana for eit reiarlag, men alt i alt var han tidleg ute og fekk difor relativt bra betalt. Spesielt i samanlikning med Farstad, som var sein med å restrukturere og fekk difor dårleg betalt.

Ola Honningdal Grytten, NHH

Remøy mista REM Offshore til Solstad allereie tidleg i oktober 2016. Det at det skjedde såpass tidleg gav han pengar nok til at han same dag oppretta eit nytt investeringsselskap med fokus på offshore.

Til samanlikning var Farstad-brørne seint ute med å få på plass ein restruktureringsplan for det kriseramma offshorereiarlaget Farstad Shipping. Planane for samanslåing med det Røkke/Aker-kontrollerte Solstad Offshore og Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply var ikkje på plass før våren 2017, noko som har gjort at Ålesund-brørne har gått på eit enormt tap.

Sverre Andreas Farstad, styreleder Farstad Shipping

Sverre Andreas Farstad.

Foto: Frode Berg / NRK

I 2011 hadde Farstad-brørne ei formue på totalt 2 012 302 932. I 2016 viser skattelistene at den har minka til 186 152 027.

– Ser lysare ut for Herøy-reiarane

Det var mellom 2014 og 2015 at dei største tapa tok stad, då vart offshore-formuane på Sunnmøre totalt redusert med om lag ein milliard kroner.

Grunna eit oppsving i oljeprisen går det no betre med offshorenæringa og ein ser større investeringsoptimisme.

– Tapa er tatt, restruktureringane har skjedd og optimismen er på veg tilbake. Difor ser vi ikkje store endringar i formuane til reiarane frå 2015 til 2016. For når du nesten har tapt alt så kan du nesten ikkje tape meir.

Ola Honningdal Grytten, NHH

Han spår positive trendar framover, men legg ikkje skjul på at offshore-reiarane har tapt mykje pengar. Dette kan gjere det vanskeleg å kome seg tilbake inn i marknaden.

– Det trur eg Ålesund kjem til å merke. Elles ser det lysare ut for Herøy-reiarane, legg Grytten til.

Per Sævik

Per Rolf Sævik

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For Per Sævik har ikkje nyleg berre klart å berge Ålesund-baserte Volstad Maritime. Han har klart å berge sine eigne og at Sævik-familien klarte å halde aksjemajoritet i Havila, meiner Grytten er ein kunst utan like.

– Per Sævik har ein utruleg tillit i marknaden. Han står på fleire bein og går raskt inn i nye marknader når andre rotnar, seier Grytten.

For det handlar mykje om sjonglering mellom fleire selskap. Ein kan restrukturere og overføre pengar frå eit selskap til eit anna, noko som både er fullt lovleg og kan vere strategisk lurt, meiner Grytten.

Denne oversikta viser utviklinga i offshore-formuene frå 2012-2016:

Offshore-formuane 2012-2016

Namn og selskap

Formue i 2016

Formue i 2015

Formue i 2014

Formue i 2013

Formue i 2012

Aage Johan Remøy, tidl. REM Offshore

55 665 814

64 638 910

622 377 159

611 958 278

534 624 145

Stig Rune Remøy, Olympic Shipping

216 985 088

16 222 682

216 608 020

177 264 051

246 978 111

Sverre Andreas Farstad, tidl. Farstad Shipping

127 078 840

213 797 634

385 638 924

976 957 044

150 205 334

Jan Henry Farstad, tidl. Farstad Shipping

59 073 187

92 671 178

213 768 822

568 478 056

151 806 373

Per Rolf Sævik, Havila Shipping

28 547 100

28 300 116

56 554 392

50 758 670

48 748 435

Njål Sævik, Havila Shipping

62 707 731

63 107 282

149 336 091

133 413 947

126 265 774

Stig Ulstein, Island Offshore

32 179 132

39 671 519

30 160 536

31 772 420

34 182 026

Morten Ulstein, Island Offshore

93 057 324

91 912 766

10 341 6100

26 470 912

16 614 691

Håvard Ulstein, Island Offshore

84 463 581

86 780 932

89 718 092

16 805 934

12 395 592

Henning Ulstein, Island Offshore

85 986 625

85 583 926

94 069 297

21 812 418

16 128 293

Ingunn Merete Ulstein Botnen, Island Offshore

83 465 393

88 421 457

90 563 181

21 525 114

16 175 078

Bjarte Magne Slettevoll, Sanco Shipping

20 985 663

20 313 604

9 251 028

8 974 702

12 469 434

Ivar Dag Slettevoll, Sanco Shipping

15 684 077

16 869 767

16 128 468

5 269 156

7 218 993

Bjørg Randi Steine Slettevoll, Sanco Shipping

3 837 756

5 423 231

6 357 947

2 219 634

2 847 559

Eivind Volstad, Volstad Shipping

9 294 956

9 161 385

2 063 629

7 237 101

0

Ola Volstad, Volstad Maritime

14 578 314

13 474 275

14 066 748

12 506 840

12 405 574

Bjørn Remøy, Bourbon Offshore

3 271 673

2 518 813

1 714 525

777 371

926 636

Total formue

996.862.254

938.869.477

2.101.792.959

2.147.483.647

1.389.992.048

Ekspander/minimer faktaboks