Hopp til innhold

Usemje om vindmøller

Planane om å bygge 200 meter høge vindmøller på toppen av Skardsøya i Aure møter protestar. No blir det folkerøysting samtidig med kommunevalet 9.september. Leiar for aksjonsgruppa mot vindkraft i Aure, Mats Torset, meiner vindmøllene øydelegg Skardsdøya som tur- og friluftsområde. Iver Nordseth frå Venstre meiner kommunen ikkje kan seie nei til inntektene anlegget kan gi, medan Aps ordførarkandidat Hanne Berit Brekken går sterkt mot planane.

Hanne-Berit Brekken, varaordfører i Aure
Foto: Trond Vestre / NRK