Blir ikkje samde
For å sikre fleirtal for at Svein Roseth vart vald til leiar for representantskapet for Fjord1, kravde Framstegspartiet, Høgre og Sunnmørslista å få styreleiaren i MRF.
Men dei klarer ikkje å bestemme seg for ein felles kandidat. Høgre og Sunnmørslista går inn for Olav Bratland frå Høgre, medan Framstegspartiet held fast på at den nye styreleiaren bør bli deira eigen Oskar Grimstad.
Jon Aasen (Foto: Gunnar Sandvik)
–Svært uheldig
Fylkesordførar Jon Aasen meiner dette er svært uheldig og seier seg lei for at partia ikkje greier å stille med ein felles kandidat slik som avtalt, og seier at MRF treng ro rundt selskapet.
I tillegg til Bratland og Grimstad, kan Jan Magne Dahle frå SV bli den nye arvtakaren for avtroppande styreleiar Einar Holm. Og det kan det bli opp til dei tilsette i MRF å avgjere.