Hopp til innhold

Unge kvinner blir diskriminerte

Fleire unge kvinner i Noreg kjenner seg diskriminerte i forhold til menn. – Vi treng framleis kvinnedagen.

Marita Staurset

AUF-leiar i Ålesund, Marita Staurset, kjenner sjølv på diskrimineringa mot kvinner i det norske samfunnet.

Foto: NRK

Kvinnedagen, 8. mars er ein viktig dag for å heidre og feire kvinner verda over. I Noreg har likestillinga mellom menn og kvinner kome langt, men det er likevel mange som meiner at vi framleis har ein lang veg å gå. Ei av dei er AUF- leiar i Ålesund, Marita Staurset.

– Det er framleis store skildnadar på menn og kvinner. Vi må halde fram med å kjempe både nasjonalt og internasjonalt for betre likestilling i alle land. Det optimale er at vi alle vert likestilt.

Sudan

Tagwa Bashir frå Sudan er aktiv med internasjonal kafe for å integrere innvandrarkvinner i det norske samfunnet.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi treng kvinnedagen

Staurset meiner at kvinnedagen framleis er viktig å markere. I kveld held ho appell på Frivilligsenteret i Ålesund. Ho kjenner sjølv på diskrimineringa som ung kvinne i Noreg.

– Som tenåringsjente på vidaregåande og spesielt under russetida, så merker ein at miljøet er lagt. Jentene ligg framleis litt under gutane, og ein merkar det på holdningane som mange folk har.

Under appellen vil ho legge vekt på at vi framleis trenger kvinnedagen.

– Vi har kome ein lang veg, men vi har mykje igjen.

Likestilling kjem ikkje av seg sjølv

Likestilling er ikkje noko som kjem av seg sjølv, meiner regionssjef i Næringslivets hovudorganisasjon (NHO), Torill Ytreberg.

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg er vant med å vere einaste kvinne blant mange mannlege leiarar.

Foto: NRK

– Kvinnene må sjølv vise seg fram og jobbe for å kome på topp. Vi har eit næringsliv som ikkje er tilpassa den utdanning mange kvinner har, men det er viktig å ta dei utfordringar som kjem og å hoppe ut i det.

Då Ytreberg i yngre dagar starta som direktør i Scandic, var ho lenge aleine som kvinne før det kom andre kvinner til i leiarstillingane.

– Eg er vant til å bevege meg i mannsdominerte miljø, men eg har også blitt møtt med respekt.

– Mykje å kjempe for

Under kvinnedagsarrangementet på Frivilligsenteret i Ålesund var kvinner i alle aldre velkomne og det var fullt hus. Ei av dei frammøtte var Tagwa Bashir frå Sudan.

Aud Farstad

Historikar Aud Farstad meiner vi må hugse dei gamle pionèrane i kvinnebegelsen, og trekk fram Gina Krogh som eit eksempel. Ei kvinne som kjempa for stemmerett heile livet.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi kvinner må stå på, for vi har ikkje fått full likestilling. Det er mykje som gjenstår og det er mykje vi må kjempe for.

Bashir bidrar sjølv med å integrere innvandrarkvinner i det norske samfunnet gjennom Internasjonal kafe i Spjelkavik kirke. Kveldens hovudtalar, historikar Aud Farstad trakk fram gamle pionèrar i kvinnebevegelsen.

– Det er mange kvinnelege pionèrar som lett vert gløymt. På ein dag som dette så er det viktig å hugse på og å minnast dei. Vi må sloss for det som ikkje er oppnådd og hugse det som er oppnådd.

Kvinnedagen

Det var fullt hus på Frivilligsentralen på Kvinnedagen, 8. mars.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL