Hopp til innhold

Unge ferievikarar blei skjelt ut – hotelleigar ber vaksne skjerpe seg

Den unge ferievikaren fekk så øyra flagra då gjesten fekk noko anna enn det vedkomande hadde bestilt. – Forjævlig at unge skal bli behandla slik, seier sjefen.

Eigar av Hotel Geist Rune Vestheim Skeide

Hotelleigar Rune Vestheim Skeide langar ut mot vaksne kundar som ikkje er snille med unge sommarvikarar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Middagsbesøket på hotellet på Åndalsnes tidlegare i sommar har sett ein støkk i både ferievikaren og sjefen. Ein gjest som fekk feil mat skal ha reagert med sinne, og det gjekk ut over den unge vikaren.

– For å seie det rett ut så er det forjævlig at unge menneske skal kome på jobb og finne seg i å bli behandla slik, seier hotellsjef og eigar Rune Vestheim Skeide.

Den unge og uerfarne skal ha fått høyre både kor ubrukeleg vedkomande var, og kor dårleg restauranten/kafeen var.

Hotel Geist

Restaurantområdet der sommarvikaren skal ha blir skjelt ut.

Foto: Remi Sagen / NRK

Massiv respons etter innlegg

Hotelleigaren og kafedrivaren synest det er skamlaust og viser lite respekt for medmenneske, og spesielt for unge menneske. I ettertid har han publisert eit innlegg i sosiale medium, og fått svært mykje støtte.

Innlegg på LinkedIn fra Rune Vestheim Skeide

Hotelleigaren fekk nok og publiserte dette innlegget på blant anna LinkedIn.

Foto: Screenshot

Det fekk også Simona-Camelia Aasjord, som er dagleg leiar hos Hamarøy hotell i Nordland. Avisa Nordland skreiv nyleg om gjesten som skal ha nekta å betale til ferievikaren med utanlandsk opphav.

– Vi blir både sinte, opprørte og triste, samtidig som ein slik episode ikkje skal førekome i Noreg i 2022, seier Aasjord til NRK.

Eier/daglig leder Simona Aasjord ved Hamarøy Hotell

Dagleg leiar hos Hamarøy Hotell Simona-Camelia Aasjord. Ho er sjokkert over det som sommarvikaren hennar nyleg opplevde.

Foto: Simon Piera Paulsen / NRK

Fryktar at vikarane sluttar

Det er stor mangel på arbeidskraft i reiselivet i sommar, spesielt på Vestlandet og i Nordland. Det har ført til at mange unge, uerfarne vikarar har fått jobben som eldre, meir erfarne vikarar normalt skulle hatt.

Det er ikkje første gong i sommar NRK fortel om unge vikarar som har blitt behandla dårleg.

Henrik Hamborg, politisk rådgjevar for kompetanse og rekruttering i NHO, synest situasjonen er veldig trist.

– I verste fall kan det føre til at vedkomande ikkje ønskjer å jobbe i næringa vår, og dersom det skjer er det veldig trist fordi det er mange som har si første arbeidserfaring i nettopp reiselivet, seier han.

Henrik Hamborg NHO

Henrik Hamborg i NHO oppmodar folk til å ha med seg ein ekstra porsjon tolmod og eit smil om munnen når dei møter unge som er nye i jobben sin.

Foto: NHO Reiseliv

– Men forstår du at vaksne som betalar dyrt for ein god middag kan bli sure når dei møter på nokon som er uerfarne og usikre i jobben sin?

– Ja, eg kan forstå at ein reagerer, men då er det viktig at ein tek det med fatning og tek det med rette vedkomande, seier han.

Han meiner at eventuell kritikk bør rettast til sjefen eller dagleg leiar og ikkje ein tilfeldig sommarvikar.

– Tenk på eigne barn

Begge ferievikarane tok episodane tungt, men etter å ha tenkt seg litt om, har ingen av dei slutta.

Hotellsjefen på Åndalsnes, Rune Vestheim Skeide, har kalla innlegget sitt på Facebook og LinkedIn «Hei du din dritsekk – finn en på din egen størrelse».

Skeide meiner vaksne må huske at dei sjølve har vore unge, og må tenkje over korleis ein oppfører seg overfor ferske sommarvikarar.

– Spørsmålet ein kan stille seg er korleis ein sjølv ville reagert dersom eins eige barn hadde blitt behandla på denne måten, seier han.

Hotel Geist Åndalsnes

Turistbyen Åndalsnes i Rauma kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK