Det vekkjer sterke reaksjonar frå fleire hald at Tine vurderer å legge ned meieriet i Ørsta med 50 tilsette. Ikkje berre dei tilsette sjølve reagerer, men også produsentar og politikarar.
– Det er uheldig at Tine vurderer å legge ned det einaste mottaket av geitemjølk her i fylket. Heile 15 prosent av all geitemjølk i landet blir produsert på Sunnmøre, seier Tor Lie, geitebonde på Liene i Stranda.
– Treng anlegg i nærleiken
På garden til Lie har det i manns minne vore drive geitehald. Produksjonen er no på heile 220.000 liter mjølk i året.
Garden til Tore Lie ligg høgt og fritt over innlaupet til Sunnylvsfjorden.
Foto: Sissel Brunstad / NRKMjølka blir henta på garden høgt over Sunnylvsfjorden, og sendt til mottaksanlegget i Ørsta. Der hamnar ho i den smørbare Snøfrisk-osten eller i den faste, kvite geitosten.
– Det er naturelg at mottaksanlegget for geitemjølk ligg i nærleiken av landets tyngste og beste produksjonsmiljø. Alternativet er å få ein svært lang transport av mjølka, seier Lie.
Både ut frå miljøomsyn og av omsyn til kvaliteten på mjølka, er det viktig at mottaksanlegget ligg nært til klynger med stor mjølkeproduksjon.
Geitefjøsen på Melchiorgarden i Norddal er ein av mange geitefjøsar på Sunnmøre.
Foto: PrivatFryktar kompetansetap
Han fryktar også at viktig kompetanse kan gå tapt dersom meieriet i Ørsta blir lagt ned.
– Det er svært viktig å behalde den spesielle kompetansen i ysting av geitemjølk-produkt dei meieritilsette har opparbeidd gjennom fleire ti-år, seier Lie.
Tor Lie fekk sølvtine frå Tine for at garden har levert geitemjølk med elitekvalitet i 15 år på rad.
Foto: Katrine LunkeI tillegg til Snøfrisk, produserer Ørsta-meieriet mange andre sortar ost, både kvite og brune slag.
Til saman lagar dei vel 2600 tonn ost i året. Tilsvarande kompetansen på ysting av geitemjølk finst ikkje her i fylket.
Kollega og geitebonde Petter Melchior i Norddal er også skeptisk til det som kan skje med meieriet. Det kan bli eit skot for baugen for geitenæringa, meiner han.
Melchior-geitene likar seg i det frodige graset ved Knøstelva.
Foto: Privat– Det burde vere grunnlag for å halde oppe eit meierianlegg som ligg i eit så stort og viktig geitemiljø, seier Melchior.
Han innser at det handlar om økonomi, men meiner mykje bør vurderast før ei eventuell avvikling.
– Dra heller meieriet mot reiselivet og opn opp for turistbesøk, smaking og oppleving, foreslår Petter Melchior.
Marknadsføring i staden
Både geitebønder og andre har lenge vore klart over rykte som har gått, om at meieriet i Ørsta heng i ein tynn tråd. No når det har kome fram at Tine vurderer å flytte nesten heile produksjonen frå Ørsta til andre avdelingar, vekker det altså reaksjonar.
Nærleik mellom fjøs og mottaksanlegget i Ørsta er eitt av argumenta geitebønder brukar for at anlegget får halde fram.
Foto: PrivatTor Lie gjer seg til talsperson for mange andre geitehaldarar, og seier dei er svært misnøgde med Tine for det dei hevdar er for lite og dårleg marknadsføring av geiteost.
– Eg forventar heller at Tine gjer ein større innsats for å få selt geitemjølk-produkta, enn at dei set fokus på legge ned mottaksanlegga, avsluttar Tor Lie.
Endeleg avgjerd om framtida til Ørsta-meieriet kjem i slutten av juni.