NRK Meny

Udramatisk utrykking til bank

110-sentralen opplyser at det ikkje begynte å brenne i det tekniske rommet ved Sparebanken Møre i Ålesund. Men brannalarmen blei utløyst av røykutvikling med varme. Dette er no nedkjølt, og naudetatane har dratt frå staden.