Hopp til innhold

Rykka ut til bank

  • Udramatisk utrykking til bank

    110-sentralen opplyser at det ikkje begynte å brenne i det tekniske rommet ved Sparebanken Møre i Ålesund. Men brannalarmen blei utløyst av røykutvikling med varme. Dette er no nedkjølt, og naudetatane har dratt frå staden.

  • Røykutvikling i bank

    Ifølgje politiet måtte måtte både dei og brannvesen rykke ut til Sparebanken Møre i Ålesund etter røykutvikling frå eit teknisk rom. Ingen var i bygget då alarmen gjekk.

    Brannvesen og politi i Ålesund sentrum
    Foto: Lena Høyberg / NRK