Tvist om Ulstein Arena er løyst

Ulstein kommune og prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har blitt samde i tvistesaka om honorarkrav og rådgjevarfeil. I februar i år vart kommunen stemna av gruppa som hadde ansvaret for detaljprosjekteringa og prosjektoppfølginga då Ulstein Arena vart bygd. Saka har no vore til mekling ved Sunnmøre Tingrett og partane har kome fram til eit forlik. Det skriv kommunen i ei pressemelding på sine nettsider.

Ulstein Arena
Foto: Arne Flatin / NRK