Hopp til innhold

Veit kor viktig reint vatn er

Dei veit så altfor godt kva det vil seie å mangle vatn. Difor er flyktningar i Ørsta meir enn gjerne bøsseberarar under TV-aksjonen søndag.

Flyktningar engasjerer seg i TV-aksjonen

Dei gler seg til søndag! Frå venstre Hijabu Misghina, Eritrea, Mahmud Hassan, Somalia, Taher Tamimi frå Iran, Simret Ghidey, Eritrea og Shukri Abdulle, Somalia. Bente Hjertenæs til høgre er regionskoordinator for Kirkens Nødhjelp i Møre og Romsdal.

Foto: Tuva Bjørdal / Kirkens Nødhjelp

Søndagen blir både spanande og meiningsfylt for flyktningar i Ørsta som hiv seg med i årets TV-aksjon. Dei kjenner seg godt igjen i temaet for aksjonen; tilgang på reint vatn, eller rettare sagt, mangel på reint vatn..

Om ingen går med bøsser, blir det heller ingen pengar. Dette er vår måte å hjelpe andre på. Vi gir litt av hjartet vårt slik at det kan bli noko stort. Éin person kan ikkje klare det åleine. Men om vi går saman blir vi sterke, seier ein av dei komande bøsseberarane.

Eritrea, Etiopia, Iran og Somalia er nokre av heimlanda til bøsseberarane som søndag ringer på dørene i Ørsta.

Farleg veg til vatn

Somalia er eitt av åtte land som får dra nytte av inntektene frå årets TV-aksjon. 28 år gamle Shukri Mahamud Abdulle frå Mogadishu fortel at behovet for tilgang på reint vatn er stort i heimlandet.

Shukri Mahamud Abdulle

Shukri Mahamud Abdulle synest det er kjekt å få vere med og samle inn pengar for at fleire skal få tilgang på reint vatn. Søndag bankar ho på dørene i Ørsta.

Foto: Tuva Bjørdal / Kirkens Nødhjelp

Vassbering er det barn og kvinner som må står for. Ofte er vegen til vasskjelda både lang og farefull.

– Mange kvinner og barn blir misbrukte når dei må gå langt for å hente vatn. Kvifor er det alltid kvinnene som får ansvar for å hente vatn, undrar ho, og legg til at dette er ein dårleg tradisjon.

Kvinner og barn burde heller ha sjanse til å få utdanning og skaffe seg arbeid, meiner Shukri.

Sjølv var kom ho til Noreg for tre år sidan og veit korleis det er å leve i eit land med krig.

– Det er veldig, veldig vondt. Vi visste aldri om vi ville leve neste dag. Familien min er framleis i Mogadishu. Eg er redd for dei kvar einaste dag.

Utan vatn, utan liv

Dugnad er eit omgrep dei fleste som kjem til Noreg før eller seinare må lære seg å kjenne. Og denne inngrodde norske tradisjonen, er ikkje alltid like lett å omsette. Men på Opplæringssenteret i Ørsta er dei no klare for dugnad i praksis.

– Dugnadsånda er stor. Vi vil gå med bøsse fordi dette vedkjem så mange. Vatn gjer at menneska held seg sterke og friske. Folk i Noreg er veldig heldige. Har ein ikkje vatn, har ein heller ikkje liv, seier Simret frå Eritrea.

Trenar på innsamling
Bente Hjertenæs

Bente Hjertenæs er regionskoordinator for Kirkens Nødhjelp i Møre og Romsdal, og gler seg over at også flyktningar i Ørsta er med og tar eit tak for TV-aksjonen.

Foto: Kirkens Nødhjelp

Regionskoordinator i Kirkens Nødhjelp i Møre og Romsdal, Bente Hjertenæs er svært glad for at flyktningane ved Opplæringskontoret engasjerer seg. Ho demonstrerer for den ivrige bøssegjengen korleis innsamlinga skal skje.

Knisande løftar dei opp og fram bøssene og øver på frasane som skal seiast i når dei ringer på dørene, eller møter givarar på gata. Latteren sit laust medan det heile går føre seg

– Også må vi huske å alltid smile. Det er viktig, seier Bente Hjertenæs.


Dei smilande andleta ho har rundt seg, gir ingen grunn til uro i så måte. Ørstingane får både smilande, engasjerte og spente bøsseberarar på besøk søndag!

Teksten er skriven etter bidrag frå Kirkens Nødhjelp /Tuva Bjørdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL