Direktoratet for naturforvalting avviser klagen frå selskapet, og støttar dermed fylkesmannen si avgjerd.
Tussa vil bygge ein kraftleidning frå Nørve i Ålesund, via Sula til Hareid. No må leidningen leggast i jorda, og det fordyrar prosjektet.
Omstridd sak
I dei første planane ville Tussa legge eit luftspenn gjennom naturreservatet ved Grimstadvatnet i Hareid. Men saka har vore omstridd og vart klaga inn for Fylkesmannen som først gav Tussa dispensasjon, men seinare påla Tussa å legge kabelen i jord dersom den skal leggast gjennom området som har eit rikt fugleliv.
Avgjerd til våren
No har Direktoratet for Naturforvalting teke den endelege avgjerda som gir Tussa to moglege trasear for lina, der begge løysingane inneber jordkabel og dermed vert dyrare enn det kraftselskapet hadde rekna med i dei første planane.
Tussa Nett vil no sjå på kostnadene og vil ta ei avgjerd i løpet av våren.