Hopp til innhold

Fryktar for framtida om nye fiskereglar blir innført

Paret vil gjerne drive familiebedrifta vidare og leige ut hytter- og båtar til turistar. Men eit nytt forslag til fiskereglar kan sette ein stoppar for draumen.

To personer på båt

HÅPAR STATSFORVALTAREN SNUR: Paret Kristine Nygård og Kjell Arne Steinsvik fryktar for framtida for turismen i Steinsvik dersom reglane for fiske blir endra.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

For ein månad sidan flytta Kristine Nygård og Kjell Arne Steinsvik frå Bergen til bygda Steinsvik, inst i Dalsfjorden på Sunnmøre.

Draumen er å ta over og leve av bedrifta til faren til Kjell Arne. Han har drive med hytteturisme i snart 30 år og har husa hundrevis av turistar som har kome for å fiske i fjorden.

Det går i sei, lyr, torsk, hyse, lange og makrell.

To personer på en bryggekant foran en fjordhytte.

Dersom forslaget frå Statsforvaltaren blir godkjend, kan ikkje verken Nygård og Steinsvik eller turistar fiske frå hyttekanten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men eit forslag om innstrammingar i reglane for fiske nær elveutløp, gjer at paret no fryktar for framtida.

– Vi hadde budd her knapt ein månad då vi fekk høyre om dette forslaget. Endå veit vi ikkje kor store konsekvensane kan bli, men det er klart at det ikkje er positivt for oss eller for turistane, seier Steinsvik.

Mann peker utover fjord.

UT I FJORDEN: Dersom dei nye reglane vert innført, vil ein måtte reise 1,2 kilometer ut i fjorden for å fiske i sommarmånadane. Dette gjeld både innbyggjarar og tilreisande fisketuristar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vil ta vare på villfisken

For å ta vare på villaks og sjøaure, har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal lagt fram eit forslag til endring i reglane for fiske i utløpssonene til vassdrag, også kalla munningsfredingssonene. Forslaget er no ute på høyring.

Forslaget inneber at om sommaren skal det berre vere tillatt å fiske i desse sonene dersom elvane er opne for fiske.

Men fisken som gyter i elvane i indre Dalsfjord er sårbar, og elvane er stengt på sommaren, bortsett frå eitt område i Steinsvikelva som er ope éin månad.

Fisketuristane som kjem på sommaren, kan difor ikkje fiske frå land eller frå båtane inst i fjorden kor hyttene og bryggjene er. Dei må eit stykke ut i fjorden for å fiske.

– Forstår ikkje heilt bekymringa

– I elvene Åmela og Steinsvikelva som går ut i Dalsfjorden, står det dårleg til med sjøauren, fortel Pål Mugaas. Han er kommunikasjonsansvarleg i Norske Lakseelver.

Pål Mugaas

Pål Mugaas er kommunikasjonsansvarleg i Norske Lakseelver.

Foto: Ayna Heilong

Mugaas forstår likevel ikkje heilt bekymringa til dei som driv med turisme i Steinsvik.

– Dei kan finne gode fiskeplassar for torsk, sei, hyse og anna fisk som dei fiskar etter, om dei tek båten og reiser utanfor munningsfredingssona, seier han.

fiskestang med en fjord i bakgrunnen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Atle Kambestad i Miljødirektoratet peiker på at minkande bestandar av laksefisk gjer at dei må vurdere betre vern av fisken, spesielt i områda utanfor vassdraga.

– Laks og sjøaure er i ein sårbar situasjon, spesielt i fjordane på Sunnmøre, og fredingssonene er til for å beskytte denne fisken, seier Geir Moen, seniorrådgjevar ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Som å skyte sporv med kanon

Sindre Kvangarsnes driv Steinsvik fjordfiske. Konseptet hans er rein fisketurisme, og dette meiner han står i fare dersom forslaget går i gjennom.

Mann står foran fjord.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han er einig i at forvaltninga av laksefisk i Noreg må bli betre, men meiner tiltaka som no blir foreslått i Møre og Romsdal, ikkje vil fungere. Kvangarsnes ønskjer eit nytt regelverk velkome, men vil ha unntak for tradisjonelt vinterfiske og for handhalde snøre frå båt.

– Forslaget slik det er no, er som å skyte sporv med kanon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL