Stein på gravrøysa
Torsdag opprettar kommunestyret truleg ei eiga stilling som skal jobbe for å få besøkande til kommunen.
I sommar kan tilreisande legge stein på gravrøysa til Keiko, og det skal også settast opp ei informasjonstavle om Keiko sitt liv.
- Vi merkar at det fortsatt er interesse for Keiko, seier kulturkonsulent Lars O. Lillebø i Halsa.
Turistmagnet
I desember i fjor døydde Keiko i Taknesbukta i Halsa. Spekkhoggaren som var verdskjend frå Hollywoodfilmane Free Willy, symde i september året før tilfeldig inn Skålvikfjorden i Halsa, og der blei han verande til sjukdom tok han av dage.
Halsa blei sett på verdskartet, turistane strøymde til, og no vil altså kommunen gjerne la Keiko-effekten leve vidare.
Natursenter
På sikt er det planar om å bygge eit natursenter med Keiko som hovud-trekkplaster.
-Det blir ikkje den same mengden med turistar som før, men det er eit tilbod som vi skuldar både oss sjølve og andre å leggje til rette for, seier Lars Lillebø.