Lokalpolitikar og omvisar, Svein Linge, seier at turiststraumen går frå Valldal til Geiranger, medan svært få tek turen andre vegen.
Assisterande direktør, Anker Grøvdal, seier MRF skal evaluere tilbodet og marknadsføringa når turistsesongen er over.
Avviser kritikken
Ferja går dagleg to gongar tur-retur mellom Geiranger og Valldal. Turen tek to og ein halv time ein veg, og blir guida av lokalkjende personar. Men no blir det altså murra i Valldal fordi så få kjem frå Geiranger. Men dagleg leiar i Destinasjon Geirangerfjorden-Trollstigen, Geir Gjærde, avviser at dei ikkje gjer nok for å marknadsføre ruta. Likevel ser han at enkelte ting kunne ha vore betre.
Det er MRF som driv ruta, og som har hovudansvaret for marknadsføringa. Dei har laga plakatar, skilt og hefter som fortel om tilbodet. I tillegg blir ruta marknadsført gjennom turistinformasjonane i Norddal og Stranda, og gjennom turoperatørar. Assisterande direktør i MRF, Anker Grøvdal, seier dei vil evaluere tilbodet etter at turistsesongen er over.