Hopp til innhold

Turistattraksjon vart tvangsflytta: – Vi har hamna ein plass vi ikkje høyrer heime

20 innbyggjarar på den vesle øya Ona fekk ikkje viljen sin. Dei må inn i ein kommune dei ikkje føler seg heime i.

Søndagssol på Ona fyr

LANDEMERKE: Det bur ikkje mange på Ona, men den vesle øya er eit attraktivt turistmål. Frå 2020 blir romsdalsøya ein del av sunnmørskommunen Ålesund.

Foto: Bjarne Midttømme

Norgeskartet skal teiknast på nytt. Trass i mange nye kommune- og fylkessamanslåingar er arbeidet langt frå ferdig. Ei rekkje grensejusteringsssaker ventar på ein dom. Andre er avslutta.

85 prosent av innbyggjarane på dei vesle øyene Ona, Sandøya og Orten på Romsdalskysten ønskte seg til Aukra kommune.

Fylkesmannen sa ja.

Aukra kommune sa ja.

Kommunaldepartementet sa nei.

Dei 11 innbyggjarane på Orten – eller Orta som øya kallast – får blir ein del av Aukra kommune. Ona med sine knappe 20 innbyggjarar og Sandøya med sine 36 innbyggjarar får det ikkje.

Mot deira vilje må dei inn i nye Ålesund kommune på Sunnmøre.

Orta, Ona, Sandøy

Oddgeir Viken (frå venstre), Arve Linningsvold og Odd Arve Orten er talspersonar for høvesvis Ona, Sandøy og Orten. – Det er rart departementet ikkje ville høyre på folket, seier Orten.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Vi hamnar ein plass vi ikkje høyrer heime, sukkar Oddgeir Viken, talsmann for innbyggjarane på Ona.

Han meiner Ona har blitt ei brikke i eit spel. Det har blitt tatt omsyn til næringane i området, som havet og turismen. Men innbyggjarane sitt beste er nedprioritert.

– Vi som bur her betyr ingenting. Vi føler oss som dei innfødde i Amazonas, fortel Viken.

Ona

Turistattraksjon

Dei er altså ikkje mange fastbuande på Ona. Likevel er øya langt ute i havgapet eit attraktivt turistmål. Det er fleire overnattingsstader på øya, som ikkje minst er kjent for fyret sitt.

Ingebrigt Steen Jensen med frimerket av Ona fyr

Forfattar Ingebrigt Steen Jensen fotografert då det vart gitt ut frimerke med Ona-motiv i 2011.

Foto: Posten / Birger Morken

Mange kjenner kanskje også til Ingebrigt Steen Jenssen sin bestseljar «Ona fyr – for deg som vil lykkes sammen med andre» frå 2002.

Men frå 1. januar 2020 melder romsdalingane på Ona overgang til sunnmørshovudstaden Ålesund.

Ifølgje Gule Sider tek det tre timar og tolv minutt å kome seg frå Ona til rådhuset i Ålesund, mot éin time og 24 minutt til rådhuset på Aukra.

Bernhard Riksfjord

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap).

Foto: Roar Strøm / NRK

– Ona og Sandøya var i likskap med Orten hjartelege velkomne til oss. Kommunestyret var samrøystes, seier ordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord (Ap).

Riksfjord meiner all logikk tilseier at desse øyane har meir å gjere med Aukra enn Ålesund. Det går ferje frå Aukra både til Ona, Orten og Sandøya.

– Desse øyene høyrer jo til Romsdal. Dei har hatt hyppig kontakt med Aukra i generasjonar, fortel Riksfjord.

Hav og turisme

Men Aukra er ikkje åleine om å ville ha med Ona på laget. Ordførar i «gamle» Ålesund og leiar i fellesnemnda for «nye» Ålesund, Eva Vinje Aurdal, tek imot dei små øyene på Romsdalskysten med opne armar.

Eva Vinje Aurdal

Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg forstår i grunnen ikkje frustrasjonen deira. Eg trur frykta til innbyggjarane er ugrunna. I Ålesund blir det ein del av ein kommune med større musklar, seier Aurdal.

Ho legg ikkje skjul på at det er attraktivt å ha med Ona på laget i den nye storkommunen. Ein ting er dei store havområda. Ein annan ting er turismen.

– Vi vil utvikle eit produkt som er godt for heile Ålesund-regionen, varslar Eva Vinje Aurdal.

Identitet og tilhøyrsle

Då fylkesmannen skulle sjå på ønsket frå innbyggjarane på Ona, Sandøya og Orten la dei vekt på folkemeininga, identitet og tilhøyrsle.

– Søkarane føler ei sterk tilhøyrsle til romsdalsregionen, sa fylkesmann Lodve Solholm då han la fram si tilråding i mars, og la også vekt på at 85 prosent av innbyggjarane ville til Aukra.

Aase Marthe Horrigmo (H)

Statssekretær Aase Marthe Horringmo (Høgre).

Foto: Agder Høyre

Men Kommunal- og moderniseringsdepartementet har altså siste ord. Og dei vurderte saka annleis då dei bestemte at Orten fekk oppfylt ønsket sitt, men ikkje Ona og Sandøya.

– Innbyggjarane på Ona og Sandøya får i dag alle kommunale tenester frå Sandøy kommune. Øyene er i lita grad knytt til Aukra. Innbyggjarane grunngav ønsket om grensejustering mellom anna med tilknyting til og bruk av Molde som by, framfor Ålesund. Grensejusteringa handlar derimot ikkje om Molde kommune, men om Aukra kommune, seier statssekretær Aase Marthe Horringmo (Høgre).

For Orten er det derimot kortast veg til Aukra, legg Horringmo til.

Ona

Frå 1. januar 2020 blir Ona ein del av Ålesund kommune.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Strengare praksis

I ei grensejusteringssak har det aldri vore så mange som 85 prosent av innbyggjarane som ikkje har fått vilje sin.

Yngve Flo

Kommuneforskar Yngve Flo.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Kommuneforskar Yngve Flo meiner å sjå at praksisen i slike saker har blitt strengare. Departementet begynte med ei liberal linje, men har stramma meir inn.

– Kanskje fryktar dei at det skal bli meir utbreitt å søke om grensejusteringar, vurderer Flo.

Han seier at det ikkje er noko nytt med grensejusteringar, men at det vart ekstra aktuelt etter kommunereforma som vart vedtatt i 2014.

Gir ikkje opp

Og ein del av innbyggjarane i noverande Sandøy kommune nytta seg altså av moglegheita til å søke om justering.

Det gjekk berre vegen for dei 11 på Orta.

– Det var ein nedtur då denne nyheita kom. Eg har ikkje kome over det enno, seier Arve Linningsvold, talsmann for innbyggjarane på Sandøya.

Men dei har ikkje tenkt å gi opp. Innbyggjarane på Sandøya og Ona føler seg framleis som romsdalingar.

– Vi gir ikkje opp. Det kjem nok ein ny søknad frå oss, varslar Ona-talsmann Oddgeir Viken.

– Det er jo aldri forbode å søke om grensejusteringar. Innbyggjarane på øyene må gjerne søke på nytt om å bli med oss, seier Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord.

Arve Linningsvold

Arve Linningsvold er talsperson for Sandøya. Han trur ikkje dei små øyene på Romsdalskysten vil få noko igjen for å vere ein del av nye Ålesund kommune. Det tilbakeviser leiar i fellesnemnda for den nye kommunen, Eva Vinje Aurdal.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL