Trur på innflytting i 2023

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, er letta over at Helse Møre og Romsdal har fått på plass nye planar for bygginga av fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Bygginga skulle ha starta i november, men blir no utsett i eitt år. Trass i at byggestarten blir forsinka, har Dahl god tru på innflytting på Hjelset om fem år. – Det er viktig at ein no kjem raskt i gang. Alle slike forseinkingar skapar usikkerheit. Eg ser at styret er positive og held fast på at det nye sjukehuset er ein del av planane til Helse Møre og Romsdal, seier Dahl.

Torgeir Dahl (H)
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK