Hopp til innhold

Trugslar mot Molde vidaregåande

Politiet er i dag til stades ved Molde vidaregåande skule etter at det har kome inn trugslar mot skulen. – Det er snakk om diffuse trugslar via sosiale medium, seier Ragnvald Rasmussen i politiet. Fleire skular og institusjonar over heile landet har det siste døgnet fått liknande trugslar og politiet oppfattar dei ikkje som reelle.

Molde vidaregåande
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK