Tjeldbergodden
Metanolfabrikken på Tjeldbergodden har berre to prosent sjukefråver, og har ikkje hatt fråver på grunn av skadar på fire år.
I toppen
Metanolfabrikken i Aure er den største i Europa. Her arbeider 124 tilsette. No viser tala at dei er blant dei flinkaste bedriftene i prosessindustrien, skriv Dagens Næringsliv. Metanolfabrikken er organisert utan avdelingar og med såkalla flat struktur. Meininga er at dei tilsette skal ha stort ansvar og stor innverknad på sin eigen arbeidssituasjon. Fabrikksjef Arve Rennemo trur denne organiseringa er mykje av grunnen til den positive utviklinga.
Ellen Marie Ødegård er nestleiar i dei tilsette sin organisasjon, Nopef. Ho er ikkje redd for at gleden over dei gode tala skal gjere det vanskeleg å ta opp eventuelle problem.