Hopp til innhold

Tretti nye i pizzaproduksjonen

Stabburet på Stranda skal utvide tilbodet på pizza og treng fleire nye medarbeidarar. Onsdag i neste veke inviterer dei til ope møte på kulturhuset for å få mange til å søke på dei nye jobbane.

Pizzafabrikken på Stranda
Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Produksjonen på Stranda er i dag tilpassa for å levere djupfrosen pizza til daglegvaremarknaden. No blir det sett i gang ei ny produksjonslinje for å utvide tilbodet.

– Vi har eit velsmurt anlegg på Stranda i dag, og med den nye linja kan vi gi fleie gode opplevingar ved matbordet. Vi skriv eit nytt kapittel i pizzaeventyret og treng difor fleire som har lyst til å vere med i produksjonen, seier fabrikksjef Hans Jostein Langelo.

Favorittpizzaen til folket drar på årene

Nytt pizza-bakeri

- Mat for nedgangstider

Ope møte

Stabburet opnar dørene på kulturhuset for å fortelje kva det vil seie å jobbe i pizzaproduksjonen. Heilt sidan fabrikken på Stranda starta i 1980 har det vore kraftig vekst i leveringane og det er produsert over 400 millionar berre av Grandiosa.

– Det er første gong at vi i Stabburet går så breitt ut og inviterer til opne møte. Vi håper mange vil kome å høyre kva vi har å tilby. Vi ser etter dyktige folk med ei positiv innstilling og med lyst til å jobbe i skift, seier Langelo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL