Hopp til innhold

- Mat for nedgangstider

Stabburet utvidar pizzafabrikken på Stranda for å auke produksjonen.

Grandiosa
Foto: Thore Alnes / Thore Alnes

For pizzasalet går så det susar trass i nedgangstider. Pizza er typisk mat i nedgangstider, meiner informasjonsdirektør i Stabburet, Robert Rønning.

- Pizza er lettvint og er mat som har fotfeste i det norske folket. det har vore ei fantastisk utvikling dei siste åra, og mykje tyder på at det vil halde fram, seier Rønning.

Stor kapasitetsauke

Pizzafabrikken på Stranda

Dei tilsette ved pizzafabrikken på Stranda er klare til å utvide produksjonen.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Dei nye lokala blir på 550 kvadratmeter og vil stå klare til bruk i mai. Utvidinga aukar det totale fabrikkarealet til omlag 15.000 kvadratmeter og skal visstnok kunne gjere fabrikken i stand til å produsere over 100.000 fleire pizzabotnar per dag.

Etterspurnaden etter pizza er så stor at ei utviding er naudsynt, seier informasjonsdirektør Robert Rønning.

Kronprinsen takka nei

Utvidinga av pizzafabrikken er den største Stabburet har gjort på 11 år, og er ein viktig milepæl for dei og for Stranda. Difor inviterte dei Kronprinsen til opninga. Dessverre kunne han ikkje kome.

- Dumt, men lite å gjere med, seier informasjonsdirektør Robert Rønning.