Det har ikkje meir enn åtte månader sidan 20-åringen sist møtte i retten, men i mellomtida har han gjort så mange sprell at han no må i fengsel.
For allereie i oktober i fjor braut 20-åringen seg inn i ein bil, tok vel 2 000 kroner i kontantar, og fleire bankkort, som han fekk ut nesten 10 000 kroner på. I januar i år var turen komen til ei forretning, der han braut seg inn og tok 15 000 kroner. Seinare tok han ut 4 000 kroner frå ein speleautomat.
Tjuveri og narkotikalovbrot
Sykkylvsmannen er også dømt for å ha hatt og brukt hasj og narkotiske tablettar fleire gonger, og for forsøk på forfalsking av ein resept. 20-åringen er også dømt for fyllebråk og for hærvær, men det høyrer med til historia at han er frifunnen for to tjuveri. I fjor haust blei mannen dømd til samfunnsstraff for fleire tjuveri og narkotikasaker, no vil retten ta i bruk hardare lut. Han må difor sone seks av dei 13 månadene av straffa. I tillegg må han betale eit av offera vel 6 000 kroner i erstatning.