NRK Meny
Normal

Hødd håper folk får tidleg jobbfri

I alt 6200 menneske skal fylle Høddvoll til randa den 27. september. Då trengst det mange som kan halde vakt, selje kaffi og unngå parkeringskaos ...

Høddvoll

Høddvoll blir fylt til randen den 27. september når Brann kjem på besøk. Det gjev utfordringar: Hødd treng fleire frivillige.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi treng minst dobbelt så mange frivillige til denne kampen, fortel Lars Petter Rønnestad i Hødd Fotball.

Han er mediesjef, og er ansvarleg for arrangementa på Høddvoll. No står han framfor, vel, ei lita utfordring.

Vanlegvis finn om lag 1000 menneske vegen til Høddvoll, der Hødd spelar kampar i Adeccoligaen.

Når Brann kjem innom den 27. september, for å avgjere kven som får spele cupfinale på Ullevål, kjem det om lag 6200 menneske. Frå fjern og nær.

Jubel over mål

Hødd gjekk sensasjonelt til semifinale i NM, etter siger på straffekonkurranse borte mot Haugesund. Her er høgreback Akeem Latifu på veg for å gratulerer høgreving Pål Andre Helland etter 1-0-scoringa.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Går ut på nettsidene

Dei første 4.333 billettane, til kampen mellom Hødd og Brann, forsvann på kort tid. Hødd fekk utvida kapasiteten med nærmare 2000 billettar. No er der nokre yttarst få ståplassar igjen.

– Vi har mykje å gjere til vanleg, og cupkampen kjem i tillegg.

– Men eg føler vi har kontroll. Dette skal bli ein stor dag og eit flott arrangement, trur Rønnestad.

Mange detaljar gjenstår, men ein stor detalj blir etterspurt på deira eigne nettsider: Hødd treng fleire frivillige.

– Ein del har meldt seg, og så håper vi fleire vil dukke opp.

Positive Ulstein-bedrifter

På nettsida skriv Hødd:

«Dersom du er interessert i vere frivillig, vil Hødd kontakte din arbeidsgjevar i forhold til denne dagen».

Til vanleg er om lag 80 frivillige i aksjon på kamp. Å skaffe minst det dobbelte er ikkje utelukkande enkelt med tanke på kamptidspunkt.

Lars-Petter Rønnestad

Lars Petter Rønnestad og Hødd får seks gonger så mange på besøk når Brann og Hødd spelar cupsemifinale 27. september.

Foto: Arne Flatin

For kampen blir spelt klokka 16.00, grunna manglande flomlys.

– No er dei fleste bedriftene positive, og dei ser verdien av kampen her.

– Dei har sagt at dei er villige til å sleppe folk litt tidlegare frå arbeid på denne dagen, fortel ein fornøgd Rønnestad.

Får hjelp

Mange tilreisande gjev utfordringar både med kiosk og vakthald. Den største utfordringa kan derimot bli bilar.

– Ikkje minst på parkering treng vi fleire folk. Parkeringsvakter treng vi meir av.

Så langt har dei fått litt hjelp med ulike skular i distriktet, men endå ein gong ser dei at kamptidspunkt kan by på utfordringar.

– Når tilskodarane slepp inn minst halvannan time før så må frivillige vere her tidleg på dag. Men vi håper at alt vil gå i orden, avsluttar Rønnestad.