Hopp til innhold

1100 fleire får billettar til semifinalen på Høddvoll

Fleire får no sjanse til å sjå semifinalen mellom Hødd og Brann torsdag 27. september. Hødd har fått godkjent ei utviding av tribunen.

Høddvoll

Fleire får sjansen til å sjå semifinale på Høddvoll etter at tribunane vert utvida.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Kø framfor Høddvollhuset

Det var lange køar då billettane vart lagt ut.

Foto: Eirik Heltne

Norges Fotballforbund har godkjent at Hødd får utvide tribuneplassane med minst 1100 plassar. Det kan også vere at arealet er stort nok til at ein får sette opp ei tribune som rommar 1600 publikummarar, skriv Hødd i ei pressemelding.

Det skal vere synfaring i løpet av veka og då vert det avgjort om dei får utvide kapasiteten endå meir.

Det har vore svært stor interesse for å få billettar til denne semifinalen i cupen mellom Hødd og Brann. Då billettane vart lagt ut, stod folk i køar frå morgonen av.

No omorganiserer Hødd supporterplassane til gjestelaget, slik at det vert fleire ståplassar.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL