NRK Meny
Normal

Kamptidspunkt for NM er klart

Oppsettet for NM-semifinalane er klart: Molde mot Tromsø blir spelt onsdag 26. september, medan Hødd mot Brann skal spelast torsdag 27. september.

Angan og Hoseth

Davy Claude Angan og Magne Hoseth møter Tromsø den 26. september i sin NM-semifinale.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Det endelege semifinaleoppsettet er klart, og kampen Tromsø og Molde skal spele først.

Kampen på Alfheim blir spelt onsdag 26. september klokka 20.00.

Blir ettermiddagskamp på Høddvoll

Den andre semifinalen, mellom Hødd og Brann, har det blitt jobba hardt for å få kveldsklar.

Høddvoll har ikkje flomlys, og Hødd har jobba for å få tak i mobile lysriggar. Manglande sikkerheit gjorde derimot at Hødd gav opp ekstern lysrigging.

Billettane har uansett gått med i hopetal, og det har i same stund blitt jobba med å få utvida stadionkapasiteten med drygt 1000 seter.

No er det altså klart at kampen mellom Hødd og Brann blir spelt torsdag 27. september klokka 16.00.

Begge kampane skal sendast på NRK1.