Hopp til innhold

Trekkjer artistane frå festival i Molde

Berre timar før festivalen Skyhøyt i Molde skulle starte, trekkjer bookingbyråa artistane sine. Grunnen skal vere manglande betaling og gjennomføringsevne. Festivalen vert avlyst.

Nico & Vinz på Kongsberg Jazzfestival 2017

Nico & Vinz skulle opptre på festivalen i Molde, men dei kjem ikkje likevekl.

Foto: Anders Nielsen / NRK

På programmet til den nystarta festivalen Skyhøyt står store stjerneartistar som Röyksopp, Matoma, Nico & Vinz, Kvelertak og Vazelina Bilopphøggers. Festivalen har hatt så dårleg billettsal på førehand at dei måtte flytte lokalitet.

Torsdag ettermiddag vart det kjent at fleire bookingbyrå trekkjer ut artistane sine på grunn av manglande betaling og gjennomføringsevne.

«Bookingbyårene har gjort alt de har kunnet for å komme arrangøren i møte, og har den siste tiden forsøkt å finne løsninger som muliggjør gjennomføring. Det er nå dessverre konkludert med at dette rett og slett ikke kan la seg gjøre», skriv dagleg leiar i bookingbyrået Atomic Soul, Bjørnar Paulsen i ei pressemelding.

Artistane det gjeld er Nico & Vinz, Röyksopp, Matoma, Matilda, Ine Hoem, Oslo Ess, OnklP & De Fjerne Slektningene, El Cuero, Kvelertak og Vazelina Bilopphøggers.

Pål Henning Ilstad i festivalen Skyhøyt

Pål Henning Ilstad er festivalsjef i Skyhøyt

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Taper millionar

Festivalsjef Pål Henning Ilstad seier at dei ikkje ser anna råd enn å avlyse heile festivalen, sjølv om der er lokale artistar som ikkje har trekt seg.

– Dette er veldig alvorleg. Det er ikkje kvar dag ein kansellerer ei stor booking. Vi har betalt mykje for dei store artistane, så vi hadde eit håp om at vi skulle komme fram til ei løysing, seier Ilstad.

Han seier at tapet no er i millionklassen. Publikum som har kjøpt billettar den siste veka, kan ta kontakt med billettleverandøren og få refundert pengane. Andre som har kjøpt billettar tidleg, må festivalleiinga finne ei anna løysing for.

Selde få billettar

Ilstad sa til NRK tidlegare i dag at han håpte på eit publikum på 4-5000, sjølv om førehandssalet var svakt. Han meiner det ikkje er ein kultur i Molde for å kjøpe billettar før i siste liten og at når det er ein ny festival, må publikum først få ein identitet og ein følelse for kva dette er, før dei går dit.

– Jugendfestivalen i Ålesund byrja også ein plass. Dei starta med eit par tusen første året dei også. Det er ikkje unormalt, sa Ilstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL