Festivalar om gjenopninga: – Det er heilt fantastisk

Ventetida for kulturlivet er endeleg over, og allereie i morgon kveld kan du stå tett i tett på konsert igjen. Arrangørar over heile landet gler seg til fulle festivalar.

Alan Walker avslutter med fyrverkeri under Jugendfest 2018 på Color Line Stadion i Ålesund.

Konsert med Alan Walker under avslutninga av Jugendfest 2018. I år blir festivalen seint på hausten, og er derfor flytta innandørs til Sparebanken Møre Arena.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Regjeringa lettar no dei fleste nasjonale smitteverntiltaka frå klokka 16.00 i morgon.

– Meteren gjeld ikkje lenger, seier statsminister Erna Solberg.

I Ålesund betyr det at Jugendfest kan gå for fulle hus med 8.500 publikummarar inne samtidig. Det blir eit av dei største arrangementa i Noreg i år. Sidan august 2020 er festivalen utsett tre gongar.

Dagleg leiar i Momentium Live, Ronny Stokke, har saman med resten av landet venta på denne dagen sidan 12. mars 2020.

– Det er heilt fantastisk. No blir det Jugendfest i november og Tiësto-konsert i desember, seier Stokke letta.

Ronny Stokke dagleg leiar i Momentium Live.

Ronny Stokke er dagleg leiar i Momentium Live. Selskapet arrangerer fleire stor festivalar og konsertar på Sunnmøre.

Foto: REMI SAGEN / NRK

Arrangøren har allereie merka at folk gler seg til å gå på konsert igjen.

– Den siste veka har salet eksplodert, seier Stokke.

Ein av dei som skal spele på festivalen er artisten Kjartan Lauritzen.

– Eg er jævlig glad! Jugendfest er ein av dei gøyaste festivalane eg har spelt på, seier han.

Kjartan Lauritzen

Per Áki Sigurdsson Kvikne, kjend under artistnamnet Kjartan Lauritzen, gler seg til å kunne spele for 8.500 publikumarar på Jugendfest i Ålesund.

Foto: Rainer Kleive

Legg ut fleire billettar til konsert laurdag

Vossajazz var den fyrste festivalen som måtte avlyse vinteren 2020 då koronapandemien trefte. No er dei av dei fyrste festivalane som kan arrangere for fullt etter at Noreg opnar att.

– Gjenopningsfesten blir på Voss! Vi kan selje fleire billettar til konsertane våre på laurdag og kan bruke meir energi på festivalopplevingar, i staden for å berre ha fokus på restriksjonar, jublar festivalsjef Trude Storheim.

I Lillehammer skal Dølajazz-festivalen starte 21. oktober. Hittil har dei berre kunne selt 1700 billettar. No kan dei meir enn doble salet.

Det betyr at festivalen har moglegheit til å tene ein halv million meir enn tidlegare antatt.

Det jublar styreleiar Hege Riise for.

– Det er gledeleg, både for publikum, artistar og for oss. Dette er ein god dag for Dølajazz, seier ho.

riise

Hege Riise, styreleiar i Dølajazz, jublar for at ho no kan la for danse på festivalen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Riise trur dei fleste saknar det ho kallar den gode konsertopplevinga.

– Så får vi sjå, når det til og med blir lov å dansa, om det kan dansast så golvet gyngar. Det hadde vore stas, seier ho.

– Betyr enormt mykje for studentane

For mange av dei som studerer i Trondheim er UKA årets høgdepunkt. Arrangementet kallar seg landets største kulturfestival og skal starte 7. oktober.

UKA-sjef Max Meinich seier nyheita er fantastisk.

– Det betyr så enormt mykje. Studentane har hatt to vanskelege år. Det er utruleg deilig å kunne gi dei akkurat det vi hadde håpa på.

Meinich seier det deiligaste blir å kunne fylle Studentersamfundet og alle scenene heilt til randa og lage folkefest.

– No kan studentane få komme seg ut av hyblane sine, seier han.

Urørtfinalen 2011 - dagen før dagen

Studentar i Trondheim kan gle seg til UKA som startar på Studentersamfundet 7. oktober.

Foto: Erlend Lånke Solbu NRKP / NRK P3

Får fleire publikummarar

Også på kulturhuset Sølvberget i Stavanger sto jubelen i taket då meldinga om opninga kom.

Her er dei i full gang med litteraturfestivalen Kapittel. Nyheita som kom i dag gjer at dei allereie i morgon kan opne for meir publikum.

– Vi er allereie i gang med å selje fleire billettar. Det er faktisk Camilla Stoltenberg som skal ha eitt av dei første Kapittel-arrangementa etter opninga i morgon, seier Siri Odfjell Risdal, som er sjef for festivalen.

Siri Odfjell Risdal og Anne Torill Stensberg

Sjef for Kapittelfestivalen Siri Odfjell Risdal og Bibliotek- og kulturhussjef på Sølvberget i Stavanger Anne Torill Stensberg jubla over nyheita som kom på pressekonferansen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Betyr enormt mykje for kulturfeltet

Norske Konsertarrangører er landets største interesseorganisasjon for konsertarrangørar. Dagleg leiar Tone Østerdal seier beskjeden er etterlengta.

– Det betyr enormt mykje. No kan vi endeleg starte på arbeidet med å byggje næringa opp igjen, seier ho.

MÅ AVLYSE: Tone Østerdal i Norske Konserarrangører sier flere har måttet avlyse konserter.

Tone Østerdal er leiar i Norske Konsertarrangører. Organisasjonen har over 400 medlemmar som omfattar festivalar, klubbar, spelestader, konsertforeiningar, studentsamfunn og kulturhus.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Østerdal peikar på at svært mange i kultur-Noreg no slit med økonomien.

– Mange har fått god hjelp av krisetiltaka, men vi veit at dei ikkje har treft alle like godt. Enkelte av våre medlemmar har no lite pengar, så mange vil nok trenge hjelp også framover, seier Østerdal.

Slottsfjellfestivalen 2013: Publikum hører på den amerikanske artisten Kendrick Lamar under en konsert på Slottsfjell fredag kveld.

Frå klokka 16.00 laurdag 24.09.2021 droppar regjeringa kravet om ein meters avstand.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

– Har vore fortvilande

No ser Momentium framover. Ventetida har vore tung.

– Det har vore fortvilande. Mange av folka våre har ikkje kunne gått på jobb, og alt har vore veldig vanskeleg å planlegge, seier Ante Giskeødegård.

glede Momentium

Fleire av dei tilsette hos festival- og konsertarrangøren Momentium var i dag samla for å følgje med på regjeringa sin pressekonferanse. Det var ei letta forsamling som fekk høyre nyheita frå statsminister Erna Solberg

Foto: Frode Berg / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 23.10.2021
3 721
Smittede siste 7 dager
121
Innlagte
894
Døde
4 197 822
Vaksinerte