Hopp til innhold

Vil ha berre eitt felles reiseselskap

Tre store reiseselskap på Vestlandet slår seg saman til eit kjempeselskap.

Turister og cruiseskip i Geiranger

Alle dei tre reiseselskapa trur på god effekt av å samle seg, fortel styreleiar Arne Aambakk. Bilete frå Geiranger.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Dei tre reiseselskapa Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Destinasjon Geiranger- Trollstigen og Reisemål Stryn og Nordfjord ønsker å slå seg saman til eit mykje større reiseselskap.

Arne Aambakk

Arne Aambakk fortel at dei ønskjer å bli eitt stort selskap innan neste vår.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Leiar i styringsgruppa, Arne Aambakk, seier at bakgrunnen for dette er eit ønske frå regjeringa.

Eit selskap til neste vår

For om lag tre år sidan utarbeida regjeringa ein ny reiselivsplan som sa at ein måtte ha færre slike selskap.

– Kompetanse og å vere meir synleg i marknaden er hovudgrunnen til at vi ønsker å gå saman til eit selskap, seier Aambakk.

Dei håper å få til dette til 1. mars, før den neste turistsesongen startar for alvor. Regjeringa har gitt signal om at dei ønsker færre større reiseselskap.

Hovudkontor i Ålesund

Styringsgruppa for samordningsprosjektet foreslår at ny dagleg leiar for det nye fusjonerte selskapet blir Geir Steinar Vik, som er dagleg leiar i det største selskapet i dag, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Ålesund vert vertskommune for det nye fusjonerte selskapet.

– Vi er opptekne av å skape eit godt samarbeidsklima og vise kontinuitet med å halde oppe viktige satellittar i eit geografisk stort område. Det nye selskapet blir blant dei største på Vestlandet, og vi ønskjer å markere oss som ein reiselivsmotor i Fjord Norge-familien, seier Aambakk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL