Ålesund Musikkskole tilbyr opplæring på alle typar korpsinstrument, strykeinstrument, piano, gitar, kyrkjeorgel og song.
Kan misse interessa
Musikkfagleg leiar ved den kommunale Musikkskolen i Ålesund, Bente Narverud, seier seg lei for at enkelte må vente så lenge. Ho seier at dei elevene som må vente i tre år på å få undervisning, kan misse interessa for musikk.
– Og det er jo forferdeleg synd, seier Narverud.
Kan ikkje love forbetring
Sidsel Waage Aurdal er leder for komiteen i Ålesund kommune som har ansvaret for kultursatsinga. Ho synest også det er synd med den lange ventetida.
– Men eg kan ikkje på ståande fot love noko forbetring, seier Aurdal.