NRK Meny
Normal

Folk strøymer til valurnene

I morgontimane tysdag blir det endelege resultatet av stortingsvalget klart. Men det er framleis lang dags ferd mot natt. I dei tre største byane i fylket har mange stemmesetlar allereie dala ned i valurnene.

Jostein Sundnes

Jostein Sundnes var mellom dei første til å sleppe si stemme ned i valurna på valdagen. Det var kø utanfor vallokalet på rådhuset i Ålesund allereie ein halvtime før det blei opna.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Stemmelokalet på rådhuset i Ålesund formeleg fløymde over av folk som ville nytte sjølve valdagen til å stemme fram landet si regjering dei komande fire åra. Allereie ein halvtime før vallokalet opna klokka ti, var det mykje folk utanfor, klare til å gi si stemme.

Kanskje den travlaste mannen på rådhuset i morgontimane og utover dagen og kvelden i dag, er bysekretær Tore Hals. Han har det overordna ansvaret for at valdagen går rett føre seg ved alle dei 11 stemmelokala i Ålesund kommune.

Tore Hals

Bysekretær Tore Hals har nok å henge fingrane i på valdagen. Bak Hals er salen der stemmesetlane frå stemmekrinsane i Ålesund kommune skal teljast opp utover kvelden og natta.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Det er mange brikkar som skal på plass, og mange detaljar vi har kontrollert svært nøye. Dessutan treng vi mykje folk ute på dei ulike stemmelokala, noko som har vore ei utfordring. Men vi har førebudd oss i lang tid før valdagen, så eg meiner vi har alt i i orden, seier bysekretær Tore Hals.

Har fiksa problema

I år har det igjen vore teknisk krøll i samband med den elektroniske stemmegivinga. Seinast i går opplevde ein problem i Oslo. I Ålesund har det tidlegare år vore problem med det elektroniske, men det skal bysekretær Tore Hals og hans medarbeidarar sørgje for at ikkje skjer i år.

Val 2013

Sjølv om førehandsstemming har blitt meir populært med åra, var det likevel mange som tok turen til Ålesund rådhus for å stemme på valdagen.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Vi har hatt full gjennomgang av stemmeprosessen, fleire gongar. I Oslo var problemet denne gongen noko med sjølve scanninga av stemmesetlane. Det problemet har vi ikkje opplevd i Ålesund, og heller ikkje noko anna knytta til teknologien.

– Tidlegare har det vore kvaliteten på sjølve stemmesetlane som har skapt problem for oss i Ålesund, då maskinene ikkje har kunne lest dei godt nok. Det har også blitt løyst i år, seier bysekretær Tore Hals avslutningsvis.

Fleire stemte søndag

NRK Møre og Romsdal prata med valfunksjonær Margaret Andersen måndag morgon, berre ein knapp halvtime før vallokalet på rådhuset i Molde opna. Vallokala i Molde og enkelte andre stader var opne også søndag. I følgje Andersen var det mange som tok turen dagen før dagen.

Margaret Andersen

Margaret Andersen er ein av rundt tjue valfunksjonærar ved vallokalet på rådhuset i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Heile 746 personar stemte søndag, og alt gjekk greit og fint føre seg. No håpar eg at i dag også blir ein bra dag, seier Margaret Andersen.

I Molde blir vallokalet på rådhuset ope til klokka 20 måndag, så det blir ein lang dag og kveld for Margaret Andersen og dei andre funksjonærane.

– Ta med legitimasjon

Eit av spørsmåla i samband med årets val har vore om ein må ha med seg valkortet ein har fått tilsendt i posten for å kunne stemme.

– Valkortet er ikkje naudsynt å ha med seg, men det lettar arbeidet både for den som stemmer og den som tek den i mot. Legitimasjon er det derimot viktig å poengtere at ein bør ha med seg, seier Margaret Andersen.

Leiar i stemmestyret ved rådhuset i Molde, Steinar Halstensen, ynskjer at heimesittarane no kjem seg opp av sofaen og inn i stemmelokala.

– I år må ein verkeleg nytte seg av moglegheita til å stemme. Samstundes trur eg at oppmøtet her i Molde er betre no enn på lenge.

– Ikkje trufast mot nokon

Johnny Olsen og Ragnhild Svendsvik

Jonny Olsen og Ragnhild Svendsvik meiner dei må stemme for at dei skal kunne ha rett til å klage etterpå.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

I Kristiansund har mange i dag tatt turen til vallokalet på Folkets Hus, der Johnny Olsen og Ragnhild Svendsvik er mellom dei som har gitt si stemme. Dei meiner denne valkampen har likna dei som har vore før.

– Vi er vande med at politikarane lovar og lyg. Vi må stemme, for å ha rett til å klage etterpå, seier Ragnhild Svendsvik.

Jonny Olsen trur ikkje det blir så stor forskjell om det blir regjeringsskifte, og han har stemt på ulike parti opp gjennom åra.

– Eg er ikkje trufast mot nokon. Ein forandrar meining med åra, veit du, seier Jonny.

Elfrid Settemsdal

Elfrid Settemsdal gav si stemme på Folkets Hus i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK