NRK Meny
Normal

Kommunen fryktar for tryggleiken

Ålesund kommune har stengt trappene opp til byfjellet i Ålesund. Fleire store steinblokker har rast ut etter uveret Dagmar. Likevel er det folk som bruker det populære turområdet.

Trappene i Ålesund stengt

Dette synet møter dei som vil gå frå parken og opp trappene til byfjellet Aksla i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Eit digert tre som velta under orkanen gjorde at fleire store steinblokker har rast ut frå trappene opp til turistmagneten Aksla. No har Ålesund kommune stengt trappene.

Panoramautsikt

Å gå dei 419 trappetrinna opp til det fantastiske utkikspunktet, der ein har panoramautsikt over heile byen og øyane rundt, er eit "must" for turistane som besøker Ålesund.

Ålesund fra Aksla (Fjellstua)

Denne utsikta møter turistane når dei har gått opp alle 419 trappetrinna. Men no er trappa stengt.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Fleire hundre kilo tunge steinar

Men no er det farleg å gå trappene. Steinblokkene som har rast ut, var fundamentet til nokre av trinna, og no manglar dei støtte.

Samstundes ligg det laus stein i terrenget ved.

Ålesund kommune skriv på sine heimesider at steinane kan vere opptil fleire hundre kilo tunge.

- Vi er bekymra for at nokon skal setje dei i enda meir bevegelse, seier verksemdsleiar Oddvar Kongsvik.

Dagmar Fjellstua

Rotvelt under orkanen i romjula, gjorde at store steinblokker rasa ut frå trappene opp mot Aksla.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ber om arbeidsro

Trappene har vore sperra sidan romjula, men det er ikkje alle som bryr seg om det.

Kommunen ber no folk respektere sperringane og at det no pågår sikringsarbeid.

Fjellstua

Her, i byparken i Ålesund, startar turen for dei som vil gå dei populære trappene. På toppen av fjellet ser ein målet for turen, Fjellstua.

Foto: Frode Berg / NRK